Forelsking
Forelsking er ei spennande og intens kjensle som mange ungdommar opplever for første gong i puberteten.
Det kan kjennast som sommarfuglar i magen, og som om hjartet bankar litt raskare, og tankane vender stadig tilbake til ein spesiell person.
Forelsking kan vere vakkert, men også forvirrande. Det er viktig å hugse at det er heilt normalt å bli forelska, same kven det er i.
Du kan bli forelska i ein av motsett kjønn, same kjønn, eller i nokon som er annleis på andre måtar. Kanskje det er ein klassekamerat, ein venn, eller til og med ein skodespelar du berre har sett på film.
Av og til kan du også få kjensler for nokon det ikkje passar å bli forelska i, som ein lærar eller ein mykje eldre person. Då skal du vite at slike kjensler er naturlege, og at det alltid er den eldre personen som har ansvar for at ein ikkje blir kjærastar eller startar eit seksuelt forhold.
Forelsking handlar om å utforske dine eigne kjensler og finne ut kva som er viktig for deg i eit forhold.
Det viktigaste er å vere ærleg med deg sjølv og respektfull overfor den andre personen. Hugs at alle kjensler er gyldige, og det er heilt greit å snakke med nokon du stoler på om korleis du har det. Foreldre, venner eller ein rådgivar kan vere gode støttespelarar når du navigerer gjennom desse nye og spennande opplevingane.
Utforsking av identitet
Ungdomstida er ein periode med utforsking og sjølvoppdaging. Mange unge menneske utforskar sin eigen identitet og seksualitet, og det er normalt å bli forelska i personar av både same og motsett kjønn i denne prosessen.
Dette betyr at kven du liker, kan endre seg over tid eller vere avhengig av akkurat den personen du møter. Ein kan bli forelska i ein person av same kjønn, utan nødvendigvis å identifisere seg som homofil.
Oftare og sterkare
Ein kan forelske seg som barn òg, men i tenåra forelskar mange seg oftare og meir intenst.
For nokon tek forelskinga heilt overhand, og alt dei klarer å tenkje på, er den dei er forelska i. Dei drøymer og dagdrøymer om den dei er forelska i, vil helst vere i nærleiken av personen heile tida og kan gjere mykje (rart) for å få personen til å leggje merke til dei. For andre er det meir at ein liker nokon veldig godt, tenkjer ein del på dei og gjerne skulle vorte betre kjende med dei. Forelsking kan vere så mangt, og alt er heilt normalt.
Ikkje forelska
Hugs at ikkje alle forelskar seg. Det er også heilt normalt å ikkje falle hovudstups forelska, eller vere veldig oppteken og betatt av nokon.
Kjenslene utviklar seg, og det same gjer du og identiteten din.
Kven blir du forelska i?
Har du lyst til å lese meir om forelsking, og om det å forelske seg i nokon av same kjønn og nokon av eit anna kjønn?
I denne artikkelen skriver Christina Fraas litt om «skeiv kjærleik»:
https://skolerom.no/undervisning/hvem-gir-deg-sommerfugler-i-magen/