Kvar i all verda er du?

Korleis kan du vite nøyaktig kvar du er i verda?

Accessibility icon Kvar i all verda er du?

Kvar er du?

Korleis fortel du andre om kvar du er? Korleis kan du vere heilt sikker på at du treffer dei du har avtalt å møte på ein bestemt stad?

“X marks the spot”

Har du sett filmar der ein har eit kart der x-merket viser kvar ein finn skatten?

Men det er kanskje ikkje så enkelt viss skildringa er “midt mellom dei to store trea”? Eller det står at ein skal gå 200 skritt rett fram? Det kan jo ha vakse fram fleire tre, og alle går jo ikkje med same skrittlengde.

Å vere nøyaktig

Viss du er i ein by, så brukar du nok ei gateadresse for å finne fram. Kva meir treng ein å vite før ein kan vere heilt sikker på å finne den rette staden?

Gateadressa gir eit geografisk punkt som består av ei lengde- og breiddegrad. I tillegg vil du trenge å seie kvar du er i høgda (etasje), og til kva klokkeslett de skal møtast.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gammelt gulnet skattekart der en rød x markerer hvor skatten er.
Gammelt gulnet skattekart der en rød x markerer hvor skatten er.

Lengde- og breiddegrader

Men det er ikkje alltid du har ei gateadresse. Kanskje er du på havet, i skogen eller på fjellet. Då må du kunne angi litt meir nøyaktig enn ved å seie “på havet”, “på fjellet” eller “i skogen”.

Her brukar vi koordinatar i form av lengde- og breiddegrader. Desse koordinatane beskriv kvar vi er.

Jorda er delt inn i eit mønster av lengde- og breiddegrader.

Lengdegrad – eller meridian – er den eine av to aksar i koordinatsystemet til jorda. Lengdegradene går frå Nordpolen til Sydpolen.

Lengdegradene delar jorda i to halvkuler. Vi kallar desse den austlege og den vestlege halvkula. Kvar av desse halvkulene blir delt inn i 180 lengdegrader. Jorda er derfor delt inn i 360 lengdegrader, akkurat som ein sirkel.

Den andre aksa blir kalla breiddegrad. Breiddegradene står vinkelrett på lengdegradene.

Den lengste breiddegrada er ekvator. Ho går rundt midten av jordkloden. Alle andre breiddegrader er kortare enn ekvator. Kan du tenkje deg kvifor lengdegradene er like lange, medan breiddegradene har ulik storleik?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kart over verden med markerte bredde- og lengdegrader
Kart over verden med markerte bredde- og lengdegrader

71° nord

Du har kanskje sett TV-programmet “71° nord”? Tittelen peikar på at finalen finn stad på Nordkapp, som ligg på den 71. breiddegrada på den nordlege halvkula.

Her er breiddegradene til nokre norske byar:

  • Kristiansand 58,14° N
  • Oslo 59,91° N
  • Bergen 60,39° N
  • Trondheim 63,43° N
  • Tromsø 69,65° N
Den kjente globusen på Nordkapp med fargesprakende solnedgang i bakgrunnen.
Den kjente globusen på Nordkapp med fargesprakende solnedgang i bakgrunnen.

Koordinatsystem i matematikk

Vi brukar òg koordinatar i matematikken. Då kan vi angi kvar ulike punkt er og rekne ut avstanden mellom dei.

Eit koordinatsystem vil vi vanlegvis teikne med to aksar – ein x-akse (vassrett) og ein y-akse (loddrett). Aksane står vinkelrett på kvarandre. Punktet der dei møtest, blir kalla origo. Verdiane vi set på aksen, bestemmer vi sjølve ut frå kva slags punkt vi skal setje inn i koordinatsystemet.

Vi angir punkt i koordinatsystem gjennom å gi to talverdiar – ein for kvar vi treffer kvar av aksane når vi trekkjer ein vinkelrett strek mot høvesvis x og y-aksen. Vi angir koordinatane som (x,y). Origo har alltid koordinatane (0,0).

Graf over hvordan koordinatsystemet fungerer
Ruteark
Ruteark

Frå funksjon til graf

Men i eit koordinatsystem kan vi òg setje inn verdiane frå ein funksjon og gjere dette om til ein graf. Eit enkelt døme er funksjonen f(x) = x + 3. Det betyr at for å finne y, må vi ta verdien av x og leggje til 3. I ein tabell vil det sjå slik ut:

x 0 1 2 3
y 3 4 5 6

Desse koordinatane kan vi setje inn i eit koordinatsystem, og når vi trekkjer ei linje gjennom dei, får vi ein graf.

Grafen er teikna med grafteiknaren til Geogebra.

Grafen til funksjonen x + 3
Ruteark
Ruteark

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images