Kven bestemmer kva i Noreg?
I Noreg er det mange som bestemmer. Men kven bestemmer eigentleg kva? Dommaren i ein fotballkamp bestemmer, og dommaren i ein rettssal bestemmer. Kongen bestemmer noko. Stortinget bestemmer mykje. Rektoren på skulen bestemmer, og du kan bestemme ein god del over ditt eige liv.
Kven bestemmer
kva i Noreg?
I Noreg er det mange som bestemmer. Vi har nemleg noko som heiter folkesuverenitet. Det vil seie at folket vel kven som skal bestemme. Eit anna ord for dette er demokrati.
Kvart fjerde år kan alle over 18 år stemme på kva for politiske parti som skal sitje på Stortinget. Dei som sit der, kaller vi folkevalde, og dei bestemmer ganske mykje over korleis det er å bu i Noreg.
Tenk litt over kvifor aldersgrensa for å stemme er 18 år. Burde barn også få stemmerett?
Lys varm bakgrunn
Kongen øvst, eg nedst
Sjå for deg Noreg som ein stige. Øvst sit kongen. Han er statsoverhovudet i Noreg, men han bestemmer eigentleg ikkje så mykje. På steget under kongen sit stortingspresidenten. På det neste steget sit Stortinget, og under der igjen finn vi regjeringa.
Vidare nedover på stigen er det mange som bestemmer ulike ting.
Nedst på stigen finn vi oss sjølve. Vi kan bestemme ganske mykje over vårt eige liv. Vil vi bestemme meir, må vi klatre oppover stigen.
Karrierestige
Kva bestemmer eigentleg kongen?
Kongen bestemmer ikkje så mykje når det gjeld politikk, men det er eitt unntak. Kvar fredag klokka 11.00 møtest kongen og regjeringa på slottet. Det kallar vi statsråd. Der presenterer regjeringa lover som Stortinget har vedteke. Kongen skal eigentleg berre skrive under på dette, men han kan nekte viss han er ueinig i vedtaket.
Lys varm bakgrunn
Tenk litt på dette …
- Har ikkje kongen ganske mykje makt viss han kan nekte å godkjenne eit lovvedtak? Kva skjer om han gjer det?
Lys varm bakgrunn
Stortinget på lys bakgrunn
Kva bestemmer fylkeskommunen?
Først må du vite kva ein fylkeskommune er. Landet er delt inn i elleve fylke, også kalt fylkeskommunar. Desse har blant anna ansvar for vidaregåande skular, tannhelsetenesta og fylkesvegane.
Når du skal velje vidaregåande skule, er det fylkeskommunen du sender søknaden til. Fram til du er 18 år, får du gratis tannlege av fylkeskommunen.
Kven klagar du til viss skulebussen køyrer på humpete og holete vegar? Eller viss kulturhuset der du bur, skal leggjast ned?
Lys varm bakgrunn
Kva bestemmer kommunen?
Vi har 356 kommunar i Noreg. Kommunen bestemmer mykje som er viktig for deg og familien din. Kommunestyret har blant anna ansvar for barnehage og grunnskule, renovasjon, fritidsklubbar og kommunale vegar.
Kva kan du gjere viss fritidsklubben du går på, skal leggjast ned, eller viss vegane ikkje blir brøytte om vinteren? Kva om restavfallet ikkje blir henta, eller om skulen manglar vikarar? Har vi eigentleg nokon påverknad på dei som bestemmer?
Bakgrunn med nordnorsk idyll
Kva bestemmer ordføraren?
Mange trur nok at ein ordførar bestemmer veldig mykje. Ho eller han er då med på det meste, og sit i sjefsstolen. Ordføraren leier møta i kommunestyret, men det er fleirtalet i kommunestyret som bestemmer.
Kor viktig er eigentleg ein ordførar, trur du?
Ordfører på lys bakgrunn
Kva bestemmer elevrådet?
Ja, kva bestemmer eigentleg elevrådet på skulen din? Alle elevar har rett til å bli høyrde, og dei har rett til å medverke for å gjere skulen best mogleg for alle. Men får elevrådet eigentleg gjort så mykje, utover å meine mykje og vedta innkjøp av skulegenserar?
Tegnet klasserom
Kva bestemmer familien?
I ein familie er det mange ønske og behov. Dette kjem av ulik alder, interesser og livssituasjon. Mange barn opplever at foreldra skil seg, og då kan dei få to familiar å forhalde seg til. Alle i ein familie bør ha rett til å bli høyrde, og rett til å medverke til at alle har det bra. Vi må tilpasse oss behova til kvarandre. Og det siste er ikkje alltid så lett når ein familie for eksempel skal planleggje sommarferie. Eller kva med bursdag eller jul? Får vi det akkurat slik vi vil?
Dei vaksne bestemmer veldig mykje i ein familie, men barn og ungdom bør ha rett til å bestemme, dei også. Kva bestemmer du?
Lys varm bakgrunn
Kva bestemmer du?
Du kan bestemme mykje over ditt eige liv. Kva slags klede du vil ha på deg, kva fritidsaktivitetar du vil gå på, eller kva du vil ha på brødskiva. Men det kan vere vanskeleg å ta dei rette vala heile tida. Og dei vaksne bestemmer ganske mykje fram til du sjølv blir vaksen.
Viss du vil vere med å bestemme noko i samfunnet, må du engasjere deg i ei foreining, eit politisk parti eller ein organisasjon. Det kan vere Speidaren, Raudekrossen eller Naturvernforbundet. Du bestemmer!
Gutt med solbriller
Kjelder:
- Ung.no (25.05.21): Hvem bestemmer hva i Norge?
https://www.ung.no/demokrati-og-valg/839_Hvem_bestemmer_hva_i_Norge.html
- Thorsen, Dag Einar: folkesuverenitet i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M08 13 frå https://snl.no/folkesuverenitet
- Stortinget.no (26.05.21): Fordeling av makt
https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/Storting-og-regjering/Fordeling-av-makt/
- Kongen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M08 13 frå https://snl.no/Kongen
- Ungokonomi.no: (16.07.21): Hvem bestemmer hva?
https://www.ungokonomi.no/hvem-bestemmer-hva/
- Stortinget.no: (16.07.21): Kongens rolle
https://www.stortinget.no/no/Stortinget-og-demokratiet/stortinget-undervisning/voksenopplaring-for-innvandrere/maktfordeling/kongens-rolle/
- Berg, Ole T.; Hansen, Tore: fylkeskommune i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M08 13 frå https://snl.no/fylkeskommune
- Thorsnæs, Geir; Berg, Ole T.: kommune i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 2021 M08 13 frå https://snl.no/kommune
- Elevråd.no (19.07.2021): Alt om elevrådet
https://www.elevråd.no
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Håkon Steinmo / Tromsø kommune
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-