Kven kjem, og kven dreg?

Av ulike årsaker har folk til alle tider flytta på seg. Ta for eksempel flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Kva er forskjellen? Mangel på kunnskap kan gi fordommar mot andre folkeslag. Det gjer det viktig å forstå årsakene til inn- og utvandring. 

Verdenskart i akvarell i ulike farger.
Verdenskart i akvarell i ulike farger.

Ulike årsaker til innvandring

Før 1970-talet kom det nesten ingen innvandrarar til Noreg. Korleis er det i dag? Kven er dei som kjem? 

Nokre kjem for å arbeide eller bu med familien sin. Nokre er flyktningar, nokre  kjem for å utdanne seg. Andre kjem tilbake til Noreg etter ein lang periode i utlandet.

Multikulturell gruppe med ungdommer
Multikulturell gruppe med ungdommer

Arbeidsinnvandring

Dei som kjem til eit nytt land for å jobbe i kortare eller lengre periodar, kallar vi arbeidsinnvandrarar. Det kan vere ufaglærte, spesialistar, sesongarbeidarar eller pendlarar.

Ein person utan utdanning er ein ufaglært arbeidar. Spesialistar er ekspertar på noko eit land kan trenge. I 1975 var det full innvandringsstopp i Noreg, men det galdt ikkje for spesialistar.

Sesongarbeidarar jobbar berre kort tid i landet. Gjennom året er det ulikt behov for arbeidskraft. Eksempel på det er jordbærplukkarar, servitørar og reinhaldarar.

Pendlarar i denne samanhengen bur fast i eit land og reiser over grensa til eit anna land for å jobbe. Nokre gjer det dagleg, andre i kortare periodar. Både svenskar og nordmenn reiser over grensa for å jobbe.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Familieinnvandring

Veit du kva familieinnvandrarar er? Vel, nokre gongar skjer ei familiegjenforeining til eit nytt land fordi eit medlem har fått jobb i eit anna land. Det kan også vere på grunn av krig eller andre kriser. 

Kjærleiken kjenner ingen grenser, heiter det. Når to frå ulike land ønskjer å bu saman, må éin av dei flytte til eit nytt land. Nokre gongar har dei barn fra før som følgjer med på flyttelasset.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Thai-Kinesisk familie rundt et middagsbord
Thai-Kinesisk familie rundt et middagsbord

Flyktningar

Nokre gongar må folk flykte frå landet sitt. Årsakene til det kan for eksempel vere  krig, flom, tørke eller hungersnaud. Nokre blir forfølgde  for den seksuelle legninga eller for kvar dei kjem frå. Andre på grunn av tru og meiningar.

Ifølgje FN er ein flyktning ein som er utanfor sitt eige land på grunn av  velgrunna frykt for forfølging med årsak i rase, religion, nasjonalitet, politisk oppfatning eller fordi han eller ho høyrer til til ei bestemt sosial gruppe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
far og sønn ser på ruin av et hus
far og sønn ser på ruin av et hus

Utdanningsinnvandrarar

Utdanningsinnvandrarar flyttar til andre land for å utdanne seg. I Noreg flyttar flesteparten ut igjen etter at dei er ferdige med utdanninga si.

To elever sitter foran en datamaskin.
To elever sitter foran en datamaskin.

Tilbakevendande borgarar

Mange bur i eit anna land korte eller lengre  periodar av livet. Nokre av desse kan reknast som innvandrarar om dei kjem tilbake til heimlandet  igjen. 

Familie på to barn og to voksne pakker koffert.
Familie på to barn og to voksne pakker koffert.

Overlapping?

Kan nnvandring ha fleire årsaker samtidig? Kva former for innvandring kan overlappe, trur du?

Flyktninger står langs et piggtrådgjerde i solnedgang
Flyktninger står langs et piggtrådgjerde i solnedgang

Kjelder:

  • Myhre, Jan Eivind; Tønnessen, Marianne: innvandring i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 27. juni 2022 frå https://snl.no/innvandring
  • Leraand, Dag; Bahus, Vegard Bø: flyktninger i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 27. juni 2022 frå http://snl.no/flyktninger

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images