Syndarinne, hore eller apostel?

Maria Magdalena er ein av dei personane i Bibelen som dei aller fleste har høyrt om. Det er litt merkeleg, for det står ikkje så mykje om henne. Ho er nemnd berre åtte gongar. Det mange trur dei kjenner henne for, står det faktisk ikkje noko om i Bibelen i det heile.

Ho vart kalla syndarinna eller skjøkja – som betyr ‘hore’. Ifølgje evangelia frelste og salva Jesus henne. Ho følgde Maria, mora til Jesus, til Golgata for å hjelpe og støtte henne under korsfestinga, og det var Maria Magdalena som fann Jesu grav open og tom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljemaleri av Veronese The Conversion of Mary Magdalene

Maria er ikkje ein biperson i livet til Jesus

Etter den Maria som er Jesu mor, er ho den viktigaste i Bibelen. Men kven var ho eigentleg? Kva fortel evangelia oss, og kva fortel dei ikkje?

Ved kyrkjemøtet i Nikea i år 325 e.Kr., vart evangelia reviderte. Mennene i kyrkja forandra på tekstane slik at deira syn på Jesus vart forsterka. Maria-skikkelsen gjennomgjekk òg store forandringar. Etter dette møtet verka Maria som ein heilt annan person, tilpassa det biletet som mennene i kyrkja ønskte å gi av Kristus.

Noli Me Tangere maleri

Maria i skriftene 

Maria frå Magdala blir nemnd første gongen i Lukasevangeliet. Jesus er invitert til middag hos ein farisear. Ein person som Lukas omtaler som «ei kvinne som levde eit syndefullt liv», kjem inn i rommet. Ho har med seg ein olje som ho vaskar Jesu føter med.

Under måltidet hos farisearen vart folk irriterte fordi Maria gjorde dette med Jesus. Etter kvart måtte Jesus forsvare henne og ta henne med seg. Ho vart ein av «dei tre Mariaene» som følgde Jesus.

Maleri, Fest i huset til fariseeren Simon,
Maleri, Fest i huset til fariseeren Simon,

Eller kona til Jesus?

Filipsevangeliet er eit gnostisk evangelium som vart gjenoppdaga i førre hundreåret. Dei gnostiske evangelia vart ikkje godkjende av kyrkjemøtet i Nikea. I teksten seier Filip, ord for ord: «Kristi ektefelle er Maria Magdalena. Herren elska Maria meir enn alle dei andre disiplane, og han kyste henne ofte på munnen. Då sa dei andre disiplane: ‘Kvifor elskar du henne meir enn alle oss?’ og Herren svarte: ‘Kvifor elskar eg ikkje alle dykk, som eg elskar henne?’»

Maleri, Kristus i huset til Martha og Mary
Maleri, Kristus i huset til Martha og Mary

Evangelia i Det nye testamentet blir kalla dei kanoniske evangelia. Tekstane blir rekna som heilage. Desse er ikkje heilt samstemte i definisjonen av «dei tre Mariaene». Dei blir aldri nemnde éin etter éin ved namn. Derfor meiner nokon at sjølve namnet «Maria» eller «Myriam» er ein tittel, og ikkje eit eigennamn.

I Filipsevangeliet, som ikkje står i Det nye testamentet, står det likevel klart uttrykt at «dei tre Mariaene» er mora, søstera og kona til Jesus.

Var så Jesus gift, eller var han ikkje? Kva rolle spelte Maria Magdalena, eller Maria frå Magdala, i livet hans? Var ho ein disippel? Ei frelst syndarinne? Eller ektefellen?  Vi les jo at Jesus vart fødd, levde og døydde som praktiserande jøde. Ofte kalla disiplane han «rabbi», ein læremeister i betydninga ‘religiøs autoritet’.

Dette går fram av dei tre første evangelia i Det nye testamentet: Markus-, Matteus- og Lukasevangeliet. Dette tilnamnet kunne ikkje brukast om ein ugift person; rabbiane måtte ha hustruer på Jesu tid!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av Penitent Magdalene
Maleri av Penitent Magdalene

«Den heilage gralen» i Frankrike

Naturleg nok kan ein kople dette til forklaringa som forfattaren Dan Brown kjem med i boka «Da Vinci-koden»: Maria Magdalena er kona til Jesus. Etter korsfestinga klarer den gravide Maria Magdalena å flykte frå Galilea. Ho hamnar i Frankrike, der ho føder sonen til Jesus. Frå han går det ut ei kongeleg slekt, merovingarane, som den dag i dag kan hevde å vere direkte etterkommarar av Kristus.

Denne eventyrlege hypotesen er òg å finne i «Den fantastiske røyndommen» av historikarane Pauwels og Bergier. Den heilage gralen, eller «songreal», betyr ‘kongeleg blod’.

Med andre ord: Den mytiske heilage gralen er kanskje ikkje kalken som Kristus drakk vin frå under det siste måltidet, men bokstaveleg talt blodet hans. Det vil seie slekta hans.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Brød og vin
Brød og vin

Lasarus blir vekt opp

For betre å kunne forstå kven Maria Magdalena var, må vi støtte oss på forteljinga om då broren Lasarus ble vekt opp. Dette er eit av dei mest spektakulære mirakla frå evangelia.

Joh. 11, 1–3

Ein mann som heitte Lasarus, hadde vorte sjuk. Han var frå Betania, landsbyen der Maria og søstera hennar Marta budde. Det var Maria som salva Herren med olje og tørka føtene hans med håret sitt. Lasarus, som låg sjuk, var broren hennar. Søstrene sende bod på Jesus og sa: «Herre, han som du er så glad i, er sjuk».

Lasarus var altså ikkje berre ein venn av Jesus; han var «han som Herren er så glad i». Dette kan bety at Lasarus var ein av Kristi disiplar. Han var ein yndlingsdisippel, kanskje fordi han var broren til kona Magdalena og dermed svogeren hans?

I scena der Maria vaskar føtene til Jesus, ser vi eit av gjennomgangstemaa i evangelia: salvinga av Kristus, som er den salva. Salvinga er noko høgtideleg, og ikkje berre ei audmjuk handling i respekt for Jesus. Alt tyder på at salvinga er eit ritual for anerkjenning av Kristus. Og endå viktigare blir ei slik handling om ho kjem frå kona.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Oppstandelsen av Lazarus i San Nicolo kirke
Oppstandelsen av Lazarus i San Nicolo kirke

Ein arameisk skatt

Kan verkeleg Jesus ha gifta seg med Maria Magdalena og fått barn med henne? Det er ikkje berre forfattaren Dan Brown som er overtydd om dette.

Kanadiaren Barrie Wilson som underviser i religionsstudium, og forfattaren Simcha Jacobovici, hevdar dei har ein «skatt». Det dreier seg om eit 1500 år gammalt manuskript på arameisk: Ecclesiastical History of Zacharias Rhetor. Arameisk er det språket Jesus snakka.

I denne teksten skal det finnast eit endeleg bevis på at Jesus var gift, og at jomfru Maria eigentleg er Maria Magdalena, Jesu venninne, ikkje mor. Alt dette er attgitt i boka «The Lost Gospel» som har utløyst ein kraftig debatt. Kyrkja har stempla «The Lost Gospel» som uekte.

I følgje kyrkja skal òg evangeliet om Jesu hustru, som vart presentert i 2012, vere uekte. Der er det eit fragment på 4 x 8 centimeter der Jesus omtaler Maria som kona si. Vidare finst ei forteljing som gjer skikkelsen Maria Magdalena, eller Maria frå Betania, endå meir fengslande – nemleg bryllaupet i Kana.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Evangeliet om Jesu kone
Evangeliet om Jesu kone

Bryllaupet i Kana

Den tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: “Dei har ikkje meir vin.” Kva vil du meg, kvinne?” svara Jesus. “Min time er enno ikkje komen.” Då sa mor hans til tenarane: ” Det han seier dykk, skal de gjere.” Det stod seks vasskar av stein i huset, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.

«Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane  fylte dei til randa. Så sa han til dei: “Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.” Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det.

Då ropa han på brudgommen og sa: “Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.”

Tre ulike forklaringar

Denne passasjen byr på tre ulike forklaringar. Den første er den som er framheva i Bibelens evangelium. Her skjer Jesu første mirakel som faktisk vart utførte mot hans vilje, i det han seier til mora: «Min time er enno ikkje komen.»

Den andre forklaringa, som blir utdjupa i dei gnostiske evangelia, legg ein sterk symbolsk verdi i uttrykket «god vin»: Heile episoden skal vere symbolsk; det er Jesus som er «den gode vinen» som blir sett på bordet til menneska.

Ei tredje lesing av teksten baserer seg på sunn fornuft. Jesus og mor Maria er bedne i bryllaupet. Dei er gjestar, som dei andre. Kva rett har Maria til «å stikka nasen sin i» matlageret til vertskapet? Kva rett har ho til å vende seg til tenarane for å få dei til å gjere det Jesus seier? Og kvifor utfører tenarane det Jesus ber om? Han er jo ein gjest. Dei bør spørje den rettmessige herren sin til råds.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Bryllup på Kana
Bryllup på Kana

Var det Jesu eige bryllaup?

Det finst kanskje eit svar. Kva om bryllaupet i Kana var bryllaupet til Jesus? Då går Kristus og mora hans frå å vere gjestar til å bli herrane i huset. Då har dei større rett til å bekymre seg for vinen og gi ordre til tenarane.

Når det gjeld Magdalena-skikkelsen og det spesielle forholdet hennar til Jesus, er evangelia til lita hjelp. Er det verkeleg ho som er disippelen med kvinnelege trekk? Er ho kvinna som er avbilda ved sida av læremeisteren sin på måleriet Nattverden av Leonardo då Vinci? Er det verkeleg Maria Magdalena som er Jesu «yndlingsdisippel»?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av nattverden
Maleri av nattverden

Dokumentar laga av National Geographic om Maria Magdalena (engelsk tale)

Mary Magdalene og Jesus, publisert 1877
Mary Magdalene og Jesus, publisert 1877

Kjelder:

  • Historiens største kvinner (2019)
    Orage Forlag AS 

Bilde- og videorettigheter:

    1. Paolo Veronese, The Conversion of Mary Magdalene
    2. Correggio (Antonio Allegri), Noli Me Tangere
    3. Peter Paul Rubens, Mary Magdalene anointing Christ’s feet
    4. Johannes Vermeer, Jesus at the home of Martha and Mary
    5. Tizian, The Penitent Magdalene
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Foto: Reuters
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images, Julius Schnorr von Carolsfeld – Youtube