Syndarinne, hore eller apostel?

Maria Magdalena er ein av dei personane i Bibelen som dei aller fleste har høyrt om. Det er litt merkeleg, for det står ikkje så mykje om henne. Ho er nemnd berre åtte gongar. Det mange trur dei kjenner henne for, står det faktisk ikkje noko om i Bibelen i det heile.

Ho vart kalla syndarinna eller skjøkja – som betyr ‘hore’. Ifølgje evangelia frelste og salva Jesus henne. Ho følgde Maria, mora til Jesus, til Golgata for å hjelpe og støtte henne under korsfestinga, og det var Maria Magdalena som fann Jesu grav open og tom.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljemaleri av Veronese The Conversion of Mary Magdalene

Maria er ikkje ein biperson i livet til Jesus

Etter den Maria som er Jesu mor, er ho den viktigaste i Bibelen. Men kven var ho eigentleg? Kva fortel evangelia oss, og kva fortel dei ikkje?

Ved kyrkjemøtet i Nikea i år 325 e.Kr., vart evangelia reviderte. Mennene i kyrkja forandra på tekstane slik at deira syn på Jesus vart forsterka. Maria-skikkelsen gjennomgjekk òg store forandringar. Etter dette møtet verka Maria som ein heilt annan person, tilpassa det biletet som mennene i kyrkja ønskte å gi av Kristus.

Noli Me Tangere maleri

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!