Kvifor er X den ukjente?

Har du nokon gong tenkt over kvifor vi bruker bokstaven x når vi snakkar om noko som er ukjent?

I matematikktimane er ofte x den ukjente vi skal finne verdien på. Elles finn vi x brukt i X-Factor (TV-program), Xbox (spelkonsoll)  og X Games (konkurransar i snøbrett, ski, rullebrett og sykkel).

Men kvar kjem det frå at vi bruker akkurat denne bokstaven og ikkje ein annan – som a, b eller z?

Ung snowboarder kjører på en rail i snøen.
Ung snowboarder kjører på en rail i snøen.

Arabisk og algebra

Arabisk er eit språk som er bygd opp logisk. Å lage setningar på arabisk er omtrent som å lage ei likning.

Mykje av det vi i dag tenkjer på som vestleg vitskap, som matematikk og ingeniørfag, vart først tenkt ut av arabarar og andre austlege folkeslag.

Arabiske tal

Vi lærte mykje av arabarane og begynte òg å bruke dei arabiske tala. Det er dei tala vi bruker kvar dag – som 1, 2 og 3.

Vi har òg ord som stammar frå arabisk, som algebra og aritmetikk.

Kunnskapen kjem til Vesten

Arabiske tekstar som inneheldt matematisk visdom, kom til Spania på 1100-talet.

Det første spanjolane gjorde, var å omsetje tekstane til sitt eige språk – spansk. Men det var nokre lydar på arabisk som var vanskelege for spanjolane å få til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gammel globus med utsnitt fra Midtøsten.
Gammel globus med utsnitt fra Midtøsten.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!