Kvifor er X den ukjente?

Har du nokon gong tenkt over kvifor vi bruker bokstaven x når vi snakkar om noko som er ukjent?

I matematikktimane er ofte x den ukjente vi skal finne verdien på. Elles finn vi x brukt i X-Factor (TV-program), Xbox (spelkonsoll)  og X Games (konkurransar i snøbrett, ski, rullebrett og sykkel).

Men kvar kjem det frå at vi bruker akkurat denne bokstaven og ikkje ein annan – som a, b eller z? Svaret er meir overraskande enn du trur.

Ung snowboarder kjører på en rail i snøen.
Ung snowboarder kjører på en rail i snøen.

Arabisk og algebra

Arabisk er eit språk som er bygd opp logisk. Å lage setningar på arabisk er omtrent som å lage ei likning.

Mykje av det vi i dag tenkjer på som vestleg vitskap, som matematikk og ingeniørfag, vart først tenkt ut av arabarar og andre austlege folkeslag.

Arabiske tal

Arven frå arabarane er grunnen til at vi bruker arabiske tal. Det er dei tala vi bruker kvar dag – som 1, 2 og 3.

Vi  har òg ord som stammar frå arabisk, som algebra og aritmetikk. Algebra kjem frå det arabiske «al-jebr», som kan bli omsett til «systemet for å sameine ulike delar».

Kunnskapen kjem til Vesten

Arabiske tekstar som inneheldt matematisk visdom frå Midtausten, kom til Spania på 1100-talet.

Det første dei gjorde, var å omsetje tekstane til sitt eige språk. Men det var nokre lydar på arabisk som var vanskelege for spanjolane å få til.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Gammel globus med utsnitt fra Midtøsten.
Gammel globus med utsnitt fra Midtøsten.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!