Kva er x?
Når du har matematikk på skulen, må du rekne med både tal og bokstavar. Ofte står det i oppgåver at du skal finne x. Men kvifor bruker vi bokstavar og ikkje tal?
Det handlar om at vi kan generalisere. Då kan vi erstatte bokstavane med ulike tal. Viss du tenker på formel for å rekne ut areal av eit kvadrat, er formelen a = s * s – altså at arealet blir rekna ut ved å gonge sidelengdene i kvadratet. Sjølv om du skal rekne ut arealet av ulike kvadrat, kan du bruke same formel og erstatte s-en med dei ulike sidelengdene. Då kan vi bruke formelen på alle kvadrat.
Ruteark
Et ruteark med tall og bokstaver og en blyant liggende i hjørnet.
Bare en halv analog vekkerklokke ses mot en bakgrunn av blått.
Variabler i programmering
Når vi skal programmere, bruker vi ofte variablar. Viss vi skulle laga eit program som rekna ut areal av alle moglege kvadrat, ville det bli umogleg. Då er det betre med variablar der tala kan endrast for kvar gong.
Formelen for areal av eit kvadrat kan derfor bli brukt i eit program som skal hjelpe til med utrekninga. Då legg du inn sidelengda til kvadratet du skal rekne ut arealet av, og programmet vil rekne det ut – uansett kva sidelengder du vel frå gong til gong.
Dataskjerm med koding.
Kva slags bokstav skal bli brukt?
Det kan nok verke litt forvirrande at det blir brukt ulike bokstavar, og at bokstavane kan bety ulike ting. Veldig ofte vil bokstaven x angi noko ukjent. Men det kan like gjerne vere ein annan bokstav som a, b eller y.
Talmengder
Nokre talmengder finst veldig ofte og har derfor fått eigne bokstavar/namn:
- N blir brukt om dei positive heiltala. Desse kallar vi óg dei naturlege tala. Vi skriv det som N={1,2,3….}
- Z er mengda av alle heiltal – både positive og negative. Vi skriv det som
Z={….-2,-1,0,1,2,3….} - R er mengda av alle reelle tal som er alle tal du finn på tallinja.
- Ø er ei tom mengde.
Prikkane i parentesane fortel berre at det er fleire tal som kan stå her.
Frossen rund gradestokk med rød pil og snø på toppen.
Kjelder:
- Aubert, Karl Egil: algebra i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 frå https://snl.no/algebra
- Aubert, Karl Egil: tall i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 frå https://snl.no/tall
- x – matematikk i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. november 2021 fr https://snl.no/x_-_matematikk
- matematikk.org (15.11.21): Algebra
https://www.matematikk.org/side.html?tid=125799
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-