Mennesket har alltid gråte

Forskarar meiner at mennesket si evne til å gråta stammar heilt frå urtida. Når urmennesket fekk auga fylt av tårer, var det eit teikn på underkasting. Det var eit signal til fienden om at vi ikkje ville gå til angrep.

Baby som gråter

Tårer som vern

Røyk i auga eller irriterande gass frå lauk gjer òg at auga byrjar å renna. Då kjem tårene sjølv om du ikkje er trist. Tårene kjem for å verna auga. Dei dannar ei vernande hinne.

Person som kutter opp løk

Når kjensler utløyser tårer

Kjenslene våre er den vanlegaste årsaka til at vi græt. Når vi opplever sterke kjensler – både lykke, sorg og smerte – vil hjernen oppfatta det som ein sterk kjenslemessig reaksjon. Då vil det endokrine systemet senda ei rekke hormon til tårekjertelen. Han skil ut ei væske som renn ned til auget.

Tårekanalen forsyner auget med vernande tårevæske heile tida. Gråt er når desse kanalane fløymer over og tårene renn nedover kinnet. Det som ikkje flyt over, går ned i nasen og gjer oss snufsete.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Infografik om øye

Lindrande tårer

Tårene vi græt på grunn av kjensler, viser seg å innehalda mange kjemikalium som lindrar smerte. Tårene vi græt av til dømes lauk, har færre slike kjemikalium. Derfor er det kanskje ein grunn til at vi føler oss betre etter å ha «gråte ut»?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en kvinne med en tåre som renner ned ansiktet

Jenter græt meir enn gutar

Det er vitskapleg bevist at frå og med ungdomsåra græt jenter gjennomsnittleg cirka fire gonger så ofte som gutar gjer. Testosteron-nivået hos gutane aukar, og dei byrjar å bli meir sinte i staden for lei seg. Samtidig aukar østrogen-nivået hos jenter, og dei blir ofte meir kjenslevare.

Trist kvinne som skjuler ansiktet med hendene

Å gråta av glede

Det er bra å la tårene renna når dei sterke kjenslene kjem, gode eller vonde. Å gråta er heilt naturleg!

Et sportlag feirer en seier

Kjelder:

  • Kropp og helse (2020)
    Orage Forlag AS

Bilete- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images / Life Noggin – YouTube
  5. Getty Images
  6. Getty Images