Kvifor græt vi?
Tårene våre har hjelpt til med å verna oss heilt frå det fyrste mennesket vart til. Korleis, trur du?
Mennesket har alltid gråte
Forskarar meiner at mennesket si evne til å gråta stammar heilt frå urtida. Når urmennesket fekk auga fylt av tårer, var det eit teikn på underkasting. Det var eit signal til fienden om at vi ikkje ville gå til angrep.
Baby som gråter
Tårer som vern
Røyk i auga eller irriterande gass frå lauk gjer òg at auga byrjar å renna. Då kjem tårene sjølv om du ikkje er trist. Tårene kjem for å verna auga. Dei dannar ei vernande hinne.
Person som kutter opp løk
Infografik om øye
Nærbilde av en kvinne med en tåre som renner ned ansiktet
Jenter græt meir enn gutar
Det er vitskapleg bevist at frå og med ungdomsåra græt jenter gjennomsnittleg cirka fire gongar så ofte som gutar gjer. Testosteron-nivået hos gutane aukar, og dei byrjar å bli meir sinte i staden for lei seg. Samtidig aukar østrogen-nivået hos jenter, og dei blir ofte meir kjenslevare.
Trist kvinne som skjuler ansiktet med hendene
Å gråta av glede
Det er bra å la tårene renna når dei sterke kjenslene kjem, gode eller vonde. Å gråta er heilt naturleg!
Et sportlag feirer en seier
Kjelder:
- Kropp og helse (2020)
Orage Forlag AS
Bilde- og videorettar:
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / Life Noggin – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images