Kvifor kan ikkje politikarane berre gi oss billigare bensin? 

Alt blir dyrare! Hausten 2021 kunne vi lese i avisene om folk som sleit med å betale høge straumrekningar. Samtidig steig prisane på mat, tømmer og bensin. På eitt år auka prisen på bensin og diesel frå rundt 15 kroner per liter til nærare 30 kroner per liter!

Kva kjem av dette, og kvifor gjer ikkje politikarane meir for å hjelpe innbyggjarane i Noreg? Kva styrer eigentleg prisane, og kven bestemmer eigentleg kva varene må koste?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Politiker med bensinpumpe
Politiker med bensinpumpe

Korleis er økonomien
i Noreg organisert?

Stat og kommune får pengane sine gjennom skattar og avgifter, og noko av overskotet frå oljefondet. Dei som jobbar, må betale noko av lønna si som skatt, og vi betaler avgifter når vi kjøper ei vare eller teneste. I statsbudsjettet blir pengane fordelte til mellom anna skule, helsetenester og vegar.

Politikarane undersøkjer og vurderer kva samfunnet treng, og korleis det skal betalast. Dei bestemmer kva staten skal dekkje, og kva innbyggjarane, heilt eller delvis, må betale sjølve.

Illustrasjon av en krone som er delt som en pizza og hender som tar en bit

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!