Kvifor må vi jobbe?
Jobben vår har mange funksjonar i livet vårt. Det mest openberre er at vi jobbar for å tene pengar til mat på bordet og eit hus å bu i. Likevel er det mange andre gode grunnar for å jobbe. Det er fordelar både for deg sjølv, samfunnet og dei du lever saman med.
Hugsar du den første isen du åt?
Hugsar du den første isen du åt? Du vart sannsynlegvis hekta på is for resten av livet. Iskrem er smaken av 17. mai og sommarferie!
Men for at du skal kunne ete is, må nokon produsere han først. Det blir gjort på ein iskremfabrikk i anten Oslo, Stavanger eller Kristiansand.
Gutt spiser is
Kvifor må vi jobbe?
Nokon må jobbe for at vi andre skal kunne ha bilar, datamaskinar, klede, hus eller is. Derfor er det viktig at vi har alle typar jobbar. Vi treng lærarar, røyrleggjarar, søppeltømmarar og butikktilsette.
Bilfabrikk
Jobbar som ikkje finst lenger
Vi og samfunnet utviklar oss heile tida. Her er nokre yrke som har forsvunne. Dei har blitt erstatta av meir moderne løysingar.
- Kjeglesetjar på bowlingbanar
- Isskjærar – for å halde maten kald før vi fekk kjøleskap
- Gatelystennar
Kollegar
Gøy på jobb
Jobben er noko du skal gle deg til. Det skal vere gøy å jobbe, sjølv om det òg kan vere slitsamt. Du skal òg kjenne glede ved å kome heim for å slappe av.
Er jobben statisk?
Nokre yrke er statiske. Det betyr at ein gjer dei same tinga nesten heile tida. Døme på det kan vere fabrikkarbeid eller å sitje i kassa i butikken. Likevel er desse jobbane viktige for samfunnet.
Samfunnskritiske jobbar
Nokre yrke er spesielt viktige når vi opplever ei krise. Til dømes ein pandemi. Regjeringa har laga ei liste over dei mest nødvendige yrka vi må ha under ein pandemi eller i krig.
Dette kan vere politikarar, politi, sjukepleiarar, legar, grensevakter, brannvesen eller butikktilsette. Vi treng òg lærarar, prestar, reinhaldsarbeidarar og dei som jobbar i gravferdsbyrå.
Arbeid tryggjar velferda
Kjelder:
- Diplom-Is (27.04.21): Historien
https://www.diplom-is.no/om-oss/historien
- Delbart (27.04.21): 10 yrker som av naturlige årsaker ikke eksisterer lenger
http://www.delbart.no/2014/03/forsvunne-yrker/
- Karriereveiledning.no (27.04.21): For deg som skal velge utdanning
https://karriereveiledning.no/utforsk-selv/velg-utdanning
- WebPsykologen.no (27.04.21): Jobb er viktig for selvfølelse
https://www.webpsykologen.no/artikler/jobb-er-viktig-for-selvfolelse/
- Regjeringen (27.04.21): Liste over virksomheter med kritisk samfunnsfunksjon og nøkkelpersonell
https://www.regjeringen.no/contentassets/8da70b8196a24296ae730eaf99056c1b/liste-over-kritiske-samfunnsfunksjoner_oppdatert.pdf
- FN (27.04.21): Kvinner og likestilling
https://www.fn.no/tema/fattigdom/kvinner-og-likestilling
- Sparebank1 (27.04.21): 6 av 10 kvinner sparer ikke til pensjon
https://www.sparebank1.no/nb/bank/om-oss/nyheter/6-av-10-kvinner-sparer-ikke-til-pensjon.html
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Regjeringen – YouTube
-