Kvifor var Narvik så viktig?

Visste du at det første nederlaget til Hitler under 2. verdskrigen skjedde i Noreg? Det skjedde i byen Narvik som ligg nord i Noreg. Men kvifor var Narvik så viktig? Kva var det Narvik hadde som det var verdt å krige om?

Narvik under 2. verdenskrig
Narvik under 2. verdenskrig

Alle trong jern

Jern er ein viktig ressurs. Berre tenk deg alt vi bruker jern til. Jern får vi frå jernmalm som finst i fjellet eller i myrer. Med sterk varme smeltar ein jernet ut av malmen. På 1800-talet vart det funne mykje jernmalm i fjella i Kiruna i Sverige. For å selje dette trong dei ein effektiv måte å frakte det på.

Jernbanen forandra alt

Derfor bygde dei ei jernbane mellom Kiruna og Narvik. Dei kalte henne Ofotbanen, og her frakta dei malmen. I fjorden utanfor Narvik fraus ikkje vatnet til is om vinteren. Dermed kunne jernmalmen bli frakta ut frå Narvik heile året. Dette skapte mange arbeidsplassar, og Narvik vart ein by i 1902.

📷  Postkort frå cirka 1930 med Norddalsbrua på Ofotbanen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sort hvitt postkort av en jernbanebro på Ofotbanen
Sort hvitt postkort av en jernbanebro på Ofotbanen

Hitler ville ha jernmalmen

Då Tyskland angreip Noreg i 1940, var ei av årsakene at dei trong jernmalm. Og det fanst i Narvik. Gjennom å okkupere andre land fekk Tyskland tak i råvarer dei hadde bruk for. Råvarer blir brukte for å lage ting. Av jern kunne tyskarane lage våpen.

Olje og jern

Alle køyretøy, fly og skip treng olje og drivstoff. I Sovjetunionen – notidas Russland – fanst det mykje olje. Det var ei av årsakene til at Tyskland ville okkupere dette landet òg . Dei allierte måtte unngå at Hitler fekk det han ønskte. Slaget om Narvik vart dermed ein kamp om ei viktig råvare: jernmalm.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Krigsfly på himmelen under Battle of Britain under 2. verdenskrig
Krigsfly på himmelen under Battle of Britain under 2. verdenskrig

Tyskarane vart drivne ut av byen

Den 9. april 1940 starta slaget om Narvik. Byen vart invadert av 8000 tyske soldatar. Nordmennene og dei allierte hadde 35 000 soldatar! Tyskarane vart slegne i løpet av nokre veker. Dei allierte bestod av blant andre England og Frankrike.

Alle dei tyske krigsskipa som låg utanfor Narvik, vart senka. Tyskarane vart jaga ut av byen, men med fly sleppte dei bomber over Narvik. Til slutt klarte nordmennene og dei allierte å få kontroll på byen.

📷  Narvik vart kraftig bomba av tyske fly i 1940.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Narvik by ble bombet under 2. verdenskrig
Narvik by ble bombet under 2. verdenskrig

Gleda vart kortvarig

Slaget om Narvik var den første sigeren over Tyskland. Var ikkje tyskarane uslåelege likevel? Men gleda over å ha slege ein mektig fiende, vart kortvarig.

Mens slaget om Narvik gjekk føre seg, hadde Frankrike tapt mot tyskarane på heimebane. Dermed trekte dei allierte seg ut frå Nord-Noreg den 8. juni. Det var behov for dei andre stader. Då erobra tyskarane byen på nytt, for dei norske styrkane kunne ikkje forsvare seg åleine!

📷  Tyske bergjegerar i kamp om Narvik.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tyske soldater, såkalte bergjegere, under 2. verdenskrig
Tyske soldater, såkalte bergjegere, under 2. verdenskrig

Siger trass i tap

Tyskland møtte stor motstand i Narvik, og dei tapte det første slaget. Likevel gav dei aldri opp og vann fleire kampar i Noreg. Den 10. juni måtte Noreg overgje seg, og Tyskland okkuperte Noreg i fem år.

Kampen om Narvik viste at tyskarane kunne tape. Dei mista mange av krigsskipa sine, og mange soldatar vart drepne. Tapet av krigsskipa gjorde at tyskarane ikkje klarte å invadere Storbritannia. Dette vart heilt avgjerande for korleis krigen gjekk vidare.

📷  Den tyske marinen mista fleire jagarar under sjøslaga om Narvik.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vraket av Bernd von Arnim, en av jagerne den tyske marinen mistet under sjøslagene om Narvik
Vraket av Bernd von Arnim, en av jagerne den tyske marinen mistet under sjøslagene om Narvik

Betydninga av slaget

Dei allierte lærte i Narvik at dei kunne slå tyskarane, berre dei var mange nok. Den 6. juni 1944 samla dei allierte verdas største hær og invaderte Normandie i Frankrike. Dette blir kalla D-dagen. I løpet av nokre månadar klarte dei å ta tilbake Vest-Europa.

Slaget om Narvik hadde stor betydning for befolkninga i nord. Vanlege folk klarte å yte motstand mot elitesoldatane til Hitler. Dette kan ha inspirert mange til å kjempe mot tyskarane andre stader.

📷  Amerikanske soldatar under invasjonen av Normandie 6. juni 1944 – den såkalla D-dagen.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amerikanske soldater gjøre seg klare til å invadere stranden i Normandie under 2. verdenskrig
Amerikanske soldater gjøre seg klare til å invadere stranden i Normandie under 2. verdenskrig

Kampen om ressursar

Gjennom heile historia har kampen om ressursar vore viktig. Alle land har behov for ressursar. Anten det er olje, vatn eller jern. Ikkje alle land har dei ressursane som dei treng, og då må dei kjøpe det frå andre.

I verste fall kan eit land gå til krig for å få tak i dei. Akkurat slik Hitler og Tyskland gjorde det i Narvik og andre stader under 2. verdskrig.

Kan du komme på nokre konfliktar i verda der ressursar står på spel?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørke silhuetter av et helikopter, en tanks og en soldat med gevær og nattkikkert foran en solnedgang.
Mørke silhuetter av et helikopter, en tanks og en soldat med gevær og nattkikkert foran en solnedgang.

Kjelder:

  • Thorsnæs, Geir: Narvik i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/Narvik
  • Knudsen, Olav Fagelund; Hansen, Ketil Fred; Ryste, Marte Ericsson; Hovde, Kjell-Olav; Steen, Tone; Greve, Tim: kolonialisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/kolonialisme
  • Norseng, Per G.: trell i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/trell
  • Steen, Tone; Hansen, Ketil Fred: slaveri i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 14. februar 2022 frå https://snl.no/slaveri

Bilde- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Nasjonalbiblioteket
    3. Getty Images
    4. Nasjonalbiblioteket
    5. Deutsches Bundesarchiv
    6. Anders Beer Wilse / Norsk Folkemusem
    7. U.S. National Archives
    8. Getty Images