Kvifor veks byane så raskt?

I 2021 var vi nesten 8 milliardar menneske på jorda. Kvar skal alle desse menneska bu? Kvifor er det så mange som flyttar inn til byane?

Accessibility icon Kvifor veks byane så raskt?

Kvifor veks byane så raskt?

Befolkninga i verda aukar, og stadig fleire flyttar til byane. I dag bur over halvparten av jordas befolkning i byar. Ifølgje FN vil 60 prosent av menneska bu i byar i 2030. Kvifor er det sånn?

Den industrielle revolusjonen

Den industrielle revolusjonen starta i England på slutten av 1700-talet. Med fabrikkar kunne ein produsere varer mykje raskare, billigare og i større omfang enn tidlegare. I same perioden vart jernbane, kanalar og dampskip utvikla. Det vart derfor lettare å frakte varer og menneske. Under den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå landsbygda til byane for å få jobb. Dette blir kalla urbanisering.

I Noreg, Tyskland, Frankrike og USA starta den industrielle revolusjonen rundt 1850. I Russland begynte han på starten av 1900-talet. Mange land i verda er framleis i starten av overgangen til å bli industrielle samfunn.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.
Håndtegning av en fabrikk fra 1800-tallet.

Migrasjon og flytting

Migrasjon er eit ord som blir brukt når menneske flyttar over landegrenser. Vi kallar det vanlegvis innvandring og utvandring. Når menneske flyttar innanfor landegrensene, kallar vi det flytting, innflytting eller utflytting.

Årsaker til migrasjon kan vere krig og fattigdom. Flytting innanfor landegrensene skjer oftast frå landsbygd til byar. Mange av dei som flyttar, gjer det for å kunne få jobb. Dei fleste som flyttar, gjer det innanfor landegrensene.

Mange utvandrar frå heimlandet og blir innvandrarar i eit nytt land. På 1800-talet utvandra mange nordmenn til Amerika for å skape seg eit nytt liv der.

I dag er det mange som ønskjer å innvandre til Noreg i håp om å få jobb her. Dei ser større moglegheiter her enn i heimlandet. Andre rømmer frå heimlandet sitt fordi det er krig, eller fordi dei blir forfølgde av politiske årsaker.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort hvitt nærbilde av en hånd som bærer en koffert.
Sort hvitt nærbilde av en hånd som bærer en koffert.

Befolkningsvekst

Tal frå FN viser at det i 2021 var nesten 8 milliardar menneske på jorda. I dei mest folkerike landa i verda, India og Kina, bur omtrent ein tredel av jordas befolkning. Befolkningsveksten var høgast på 1960- og 1970-talet, men har sokke dei siste åra. FN reknar med at det kjem til å vere nesten 11 milliardar menneske på jorda i 2100.

Befolkningsveksten i eit land avheng av kor mange som blir fødde, kor mange som døyr og migrasjon/flytting. I rike land blir det fødd færre barn, og levealderen blir høgare. I fattige land blir det fødd fleire barn, men det er lågare forventa levealder enn i rike land.

Levekåra i eit land handlar mellom anna om velferdstilbod innanfor utdanning og helse, god økonomi og tilgang på teknologi. Betre levekår fører til mindre befolkningsvekst. Det betyr at befolkninga aukar i fattige land. Ved å auke levekåra i desse landa, vil veksten bli bremsa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Vi ser jordkloden fra verdensrommet, og den er full av mennesker.
Vi ser jordkloden fra verdensrommet, og den er full av mennesker.

Slumområde

Dårlege levekår og få jobbar på landsbygdene gjer at mange menneske flyttar til byar. Mange byar veks raskt, utan at det er arbeidsplassar og bustader til alle. Mangel på bustader gjer at mange må bu i slumområde.

I slumområde er folk fattige og har dårlege buforhold. Det er ofte mangel på vatn og søppeltømming. Mange får alvorlege sjukdommar, utan at dei har råd til å gå til lege. Det mest kjende slumområdet er favelaene i Brasil. FN fortel at 1 av 4 menneske i verda bur i slumliknande område i 2021.

📷  Favela i hovudstaden i Brasil, Rio de Janeiro.
Dårlige hus bygget tett i tett i Brasil.
Dårlige hus bygget tett i tett i Brasil.

Fabrikkar flyttar utanlands

I fattige land er det lågare lønningar og billigare råvarer. For å tene meir har ein del bedrifter frå rike land flytta produksjon av varer til fattige land. Då blir det fleire arbeidsplassar, og fleire flyttar dit fabrikkane er. Det er ikkje nok jobbar til alle som ønskjer det. Mange arbeidarar godtek derfor dårleg løn og farlege arbeidsforhold. Dei som eig fabrikkane, sit igjen med dei fleste pengane.

Nokre fabrikkar bruker barnearbeidarar fordi dette er billig arbeidskraft. Barn og ungdom må jobbe med farlege og fysisk tunge arbeidsoppgåver. Slikt arbeid er forbode over heile verda, men ikkje alle bryr seg om det.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ung gutt jobber i en saksefabrikk er arbeidsforholdene ikke er så gode.
Ung gutt jobber i en saksefabrikk er arbeidsforholdene ikke er så gode.

Korleis kan vi snu utviklinga?

Berekraftige byar og lokalsamfunn

Det eine berekraftsmålet til FN handlar om å skape berekraftige byar og lokalsamfunn. Byar står i dag for 75 prosent av verdas klimagassutslepp. Byane i framtida må bli utvikla slik at innbyggjarane får betre buforhold og tilgang på nødvendige tenester. Forureining og klimagassutslepp må bli redusert, og råvarer må bli brukte på ein berekraftig måte.

Noreg har ein avtale med Busetjingsprogrammet til FN om å støtte og styrke utviklinga av byområde. Denne organisasjonen jobbar spesielt med å forbetre situasjonen til dei som bur i slumområda i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En forurenset elv som renner gjennom et slumområde på Filippinene.
En forurenset elv som renner gjennom et slumområde på Filippinene.

Handel mellom land

Mange land handlar med kvarandre. Når vi kjøper noko frå eit anna land, blir det kalla import. Når vi sel noko til eit anna land, blir det kalla  eksport.

Mange land kan produsere varer billigare enn vi klarer sjølve. Derfor blir det importert slike varer frå utlandet. Vi ønskjer at dei som produserer varer i Noreg, skal få selt varene sine òg i Noreg. Derfor blir det lagt på toll på importvarene. Då blir importvarene ofte like dyre som dei varene vi produserer sjølve. Dette bidreg til at norske produsentar ikkje blir utkonkurrert.

Mange land i Europa er medlemmar i EU - Den europeiske unionen. Noreg er ikkje medlem, men har eit økonomisk samarbeid med EU gjennom EØS. Det er derfor ikkje toll og avgifter når landa handlar med kvarandre.

Noreg er med i ein internasjonal frihandelsavtale som heiter GSP - General System of Preferences. Fattige land kan dermed selje nokre varer til Noreg utan toll. På den måten kan fattige land lettare få selt varene sine til rikare land, og dei kan redusere eigen fattigdom.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.
Lastebil, tog, fly og containerskip som illustrerer hvordan handelsvarer transporteres i verden.

Kva kan vi gjere?

I Noreg har vi ikkje utfordringar med slumområde og enorm fattigdom i byane. Vi kan likevel gjere noko for å gjere buforholda betre. Vi bør ha parkar og skogar i nærmiljøet. Vi kan gå, sykle eller ta kollektivtransport. Når vi handlar, kan vi kjøpe lokale varer, og ikkje minst kan vi vere ein god nabo.

Tal frå FN viser at den raske veksten av byar aukar fattigdom. FN har eit mål om å utrydde fattigdom. Vi kan bidra til dette ved å engasjere oss og vere medvitne forbrukarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Liten gutt plukker søppel på en enorm søppelfylling for å selge det til inntekt for familien.
Liten gutt plukker søppel på en enorm søppelfylling for å selge det til inntekt for familien.

Kjelder:

  • Tønnessen, Marianne; Solerød, Hans: befolkning i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. desember 2021 frå https://snl.no/befolkning

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images