Kvinnedagen – kvifor det?

Synest du at gutar og jenter burde ha like stor fridom og like mange moglegheiter her i livet? Sjølvsagt – dumt spørsmål. Men sånn har det ikkje alltid vore.

Accessibility icon Kvinnedagen – kvifor det?

Likestilling no!

Du har sikkert sett bilete av kvinner, menn og barn som går saman i tog på kvinnedagen 8. mars. Kanskje du til og med har vore med på å gå i tog sjølv. Dette er ein dag der FN har bestemt at ein skal ha særleg fokus på kvinner sine rettar. Då går menneske over heile verda i tog med plakatar der dei har skrive kva sak dei kjempar for i kvinnekampen. Dei er aktivistar og feministar, og dei kjempar for ei betre verd for deg og meg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnedag tog for markering av 8. mars i Oslo 2018
Kvinnedag tog for markering av 8. mars i Oslo 2018

Litt historie

I gamle dagar, nærare bestemt på 1800-talet, skjedde det store endringar i Europa. Folk begynte å få det betre på mange måtar, både på grunn av at teknologien utvikla seg, og fordi nye idear om sosial rettferd og likskap voks seg sterkare.

Men det handla framleis berre om likskap mellom menn. Kvinner var slett ikkje rekna med som fullverdige samfunnsborgarar, dei var umyndige. Jenter tilhøyrde fedrane sine, før dei gifte seg og tilhøyrde ektemannen. Kvinna si oppgåve var å passa huset, føda barn og elles sjå søt ut. Dei fleste jenter fekk ikkje lov til å ta høgare utdanning eller jobba etter at dei blei gifte, og ingen kvinner fekk stemma ved politiske val. Det var i grunn veldig lite dei fekk bestemma i det hele tatt.

Maleri av en jente som gjør klesvask, av Henry Robert Morland
Gammelt papir bakgrunn
Gammelt papir bakgrunn

Vi protesterer!

Stadig fleire kvinner syntest det var urettferdig at kvinner og menn blei behandla forskjellig. I England begynte nokre kvinner å samla seg for å protestera. Dei ønskte stemmerett på lik linje med mennene. Dei ville òg bestemma meir over eige liv, som for eksempel kven dei skulle gifta seg med. Kvinnene hadde sett i gang ei rørsle. Dei sette seg sjølve i fare når dei deltok i protestane. I England blei mange arresterte og behandla veldig dårleg av politiet.

Annie Kenney og Christabel Pankhurst ledere i The Women's Social and Political Union i 1908
Gammelt papir bakgrunn
Gammelt papir bakgrunn

Kvinner i kamp

Rundt om i verda, særleg i Europa og USA, spreidde kvinnerørsla seg. Dei ønskte å delta i politikken og elles i samfunnet. Kvinner jobba i fabrikkar på same måte som menn, men dei fekk mykje dårlegare lønn. Dei hadde ingen bestemmelsesrett over eige liv. No forlangte dei plutseleg å bli behandla som menneske, dei òg. Ikkje rart at mange menn skalv i buksene! Kven skal ta seg av middag og ungar viss damene stikk, liksom?

Mrs Emmeline Pankhurst blir arrestert utenfor Buckingham Palace
Gammelt papir bakgrunn
Gammelt papir bakgrunn

Kvinnedagen blir stifta

Den første internasjonale kvinnedagen blei halden i København i Danmark i 1910. Sidan har dagen blitt markert over heile verda med demonstrasjonstog og talar. I Noreg blei kvinnedagen første gong markert i 1915 med eit tog i Oslo. Kampsakene har gjennom tidene handla om alt frå rett til lik utdanning og likelønn til sjølvbestemt abort og vern mot vald.

Kvinnedag tog i Spania i 2019
Kvinnedag tog i Spania i 2019

Stemmerett, jippi! 

Det begynte med at dei kravde stemmerett – ein grunnleggande menneskerett no. Og kvinner fekk stemmeretten sin i 1913, etter lange og bitre kranglar med mennene som sat med makta. Då hadde kvinnerørsla kjempa i gatene for dette i over 30 år. Det var litt av ei bragd, for Noreg var eit av dei første landa i verda som innførte allmenn stemmerett for kvinner. 

Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang

Likestilling no, vel?

Tja, det er likestilling i teorien, ved at gutar og jenter har same rettar. Noreg er eit av dei mest likestilte landa i verda. Jenter kan studera kva dei vil og bli kva dei vil. I fleire høgare utdanningar er det no fleire kvinnelege studentar enn mannlege. Samtidig veit vi at kvinner tener mindre enn menn. Vi veit òg at mange framleis tenker ulikt om menn og kvinner, og at kjønna ofte «høyrer til» forskjellige kjønnsroller.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt og jente kledd opp i kostyme som fee og ridder
Gutt og jente kledd opp i kostyme som fee og ridder

Feminismen i dag 

#metoo-rørsla i 2017 bles nytt liv i kvinnekampen. Ho viste at kvinner og jenter over heile verda har hatt ekle, vonde opplevingar med menn på jobben og andre stader. Emneknaggen oppstod spontant, og enormt mange kvinner stod fram og fortalde om dei vonde erfaringane sine. Dette skapte ei ny bølgje av medvit rundt kvinner sine rettar – altså feminisme.

Illustrasjon av multietniske kvinner som i profil ser fra venstre mot høyre.
Illustrasjon av multietniske kvinner som i profil ser fra venstre mot høyre.

Jentetæl og girlpower 

Kvinner har i dag eit mykje betre utgangspunkt enn då kvinnedagen blei grunnlagd. Og viss du synest at vi ikkje treng å markera kvinnedagen lenger, er det på ein måte eit godt teikn – då har vi komme eit godt stykke på veg.

Likevel er det lurt framleis å verna om verdiane vi synest er viktige. Det er lett å sjå på verdiane som sjølvsagte. Men kvinner sine rettar kan vera sårbare og bli tatt frå oss igjen, slik vi såg under Trumps kvinnefiendtlege styre i USA. Rettferd og tryggleik for alle jenter og kvinner er i botn og grunn ikkje berre kvinnekamp – det er ein kamp for alle menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Amanda Gorman fremfører diktet «The Hill We Climb» under president innsettelsen av President Joe Biden, 2021
Amanda Gorman fremfører diktet «The Hill We Climb» under president innsettelsen av President Joe Biden, 2021

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Morten F (CC BY 2.0) / UN Woman – YouTube
    2. Getty Images / Henry Robert Morland
    3. Getty Images / Ukjent
    4. Ukjent / Getty Images
    5. Garabata (CC BY 3.0)
    6. Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum
    7. Getty Images / Finansforbundet – YouTube
    8. Getty Images
    9. Carlos M. Vazquez II (CC BY 2.0)