Eit geni utanom det vanlege

Mange av heltane i vitskapen er kjende for éi fantastisk oppfinning eller oppdaging. Når det gjeld Leonardo da Vinci, veit me ikkje kor me skal byrja. Han var eit geni innan biletkunst, byggjekunst og vitskap. Han hadde mange talent og tørsta etter kunnskap. Dette brukte han på å skapa kunstverk som me framleis har glede av den dag i dag, 500 år etter at han døydde.

Da Vinci-bakgrunn

Barndomen i Vinci

Leonardo blei fødd i Vinci nær Firenze i Italia 15. april 1452. Namnet hans tyder Leonardo frå Vinci. Allereie då han var liten blei han fascinert av naturen, og han viste store teiknetalent. Då Leonardo var 15 år ordna faren lærlingplass til han hos kunstnaren Andrea del Verrocchio. Her lærte han om arkitektur, målarkunst og bilethoggarkunst. Då læretida med Verrocchio var ferdig, byrja Leonardo å måla for seg sjølv. Han flytta til Milano.

Livet til da Vinci

Sjå måleria og oppfinningane som gjorde Leonardo da Vinci verdskjend.

Papirbakgrunn 8

Eit auge for detaljar

Leonardo var alltid nysgjerrig og slutta aldri å læra seg nye ting. Han var fascinert av menneskekroppen og lærte seg matematikk og geometri. Han laga over 7000 sider med teikningar, observasjonar og teoriar. Han laga detaljerte teikningar av alt han fann ut. Vitskapsmenn på tida då Leonardo levde visste ikkje så mykje om kroppen og korleis han verka. Men Leonardo undersøkte døde kroppar for å sjå korleis kroppen fungerte. Han var den første som teikna ein menneske-ryggrad med korrekte bogar. Skissene han laga av muskelsenene (vev som festar musklar til knoklane) og hjarta, er sopass detaljerte at legane er imponerte over dei også i dag.

Leonardo's sketches and drawings: anatomy arm muscles
Papirbakgrunn 8

Langt forut for si tid

No er Leonardo kanskje mest kjend for måleria sine, men han var også oppfinnar. Han var oppteken av kunsten å fly og studerte fuglane for å sjå om det gjekk an for menneske å gjera det same. Han teikna mange modellar av flygemaskinar, men også andre oppfinningar.

Ei av oppfinningane var anemometeret, som blir brukt for å måla vindstyrke. Leonardo teikna også ein tidleg modell av utstyr for dykkarar, eit av dei første utkasta til ei stridsvogn og ein fallskjerm.

Ei av dei mest imponerande teikningane var av ei vogn som kunne rulla sjølv ved hjelp av ein propell. Mange hevdar at dette var skissa til den første roboten i verda. I 2006 bygde det italienske museet for vitskapeleg historie i Firenze ein modell basert på teikninga til Leonardo av vogna – og han verka faktisk. Få av oppfinningane hans blei bygde medan han levde, men teikningane viser at han var fleire hundre år forut for si tid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Det største verket

Det er berre nokre få av måleria til Leonardo da Vinci som er bevarte, men blant dei er to av dei mest kjende måleria i verda – Mona Lisa og Nattverden. Da Vinci brukte skugge og lys på ein underfundig måte, slik at smilet til Mona Lisa ser forskjellig ut frå ulike vinklar. Leonardo jobba med måleriet frå 1503 og fram til han døydde i 1519. Fem hundre år seinare feirar me framleis kunstnaren, oppfinnaren og vitskapsmannen som det gigantiske geniet han var.

Papirbakgrunn 8

Eit tidleg helikopter

Leonardo fann opp mange ting. Han var veldig interessert i å fly, og han teikna fleire forskjellige typar flygemaskinar. Ei av skissene heiter Ornithopter. Det kan likna på fly slik me kjenner dei i dag, berre at det hadde flaksande vengjer. Leonardo brukte fuglar som modell når han skapa flya sine. Han designa også noko som er overraskande likt eit helikopter. Dette kalla han «luftskrue», og maskinen hadde ein propell som snurra akkurat som rotorane på eit helikopter.

Papirbakgrunn 8

Vatnet er livets hjelpemiddel

Leonardo var også veldig interessert i vatn. Han såg på vatnet som «livets hjelpemiddel», og meinte at det verka på den same måten for jorda som blod verka i kroppen. Han forsøkte å laga ein eviggangsmaskin ved å bruka vatn for å få nokre hjul til å snurra rundt.

Leonardo da Vincis vannsystem

Kjelder:

  • Spennende vitenskap – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

 

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Free School – Youtube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Leonardo da Vinci / Louvre Museum
    7. Leonardo da Vinci
    8. Getty Images