Eit geni utanom det vanlege

Leonardo da Vinci var ein veldig smart mann som me kallar eit geni. Han var flink til å teikna bygningar og var også oppfinnar. Han var også veldig flink til å måla. Han er eit av dei mest kjende menneska som har levd. 

Da Vinci-bakgrunn

Barndomen i Vinci

Leonardo blei fødd i Italia 15. april 1452. Heime i byen Vinci var han oppteken av naturen. Han elska å teikna. Då Leonardo var 15 år, fekk han ein læremeister. Då lærte han mykje meir om teikning. Han blei også flinkare til å måla, og han laga flotte skulpturar. Då han blei vaksen flytta han til Milano.

Livet til da Vinci

Lær å byggja katapult med ispinnar og strikk. 

Papirbakgrunn 8

Eit auge for detaljar

Leonardo var alltid nysgjerrig. Han elska å læra nye tingHan laga detaljerte teikningar av alt han fann ut. Også korleis mennesket såg ut under huden. Han teikna skjelett og musklar. Alt var teikna heilt perfekt. 

Leonardo's sketches and drawings: anatomy arm muscles
Papirbakgrunn 8

Langt forut for si tid

Leonardo var oppfinnar. Han studerte fuglar for å finna ut korleis dei kan fly. Han ønskte at mennesket også kunne fly.  Difor teikna han flygemaskinar.  

I tillegg til flygemaskinar teikna han ei dykkardrakt, ei stridsvogn og ein fallskjerm. 

Leonardo teikna også ei vogn som kunne rulla ved hjelp av ein propell. Dette var ein av dei første robotane i verda – ein maskin som kan gå av seg sjølv. Mange av oppfinningane hans blei aldri bygde. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Det største verket

Leonardo da Vinci har måla to av dei mest kjende maleria i verda – Mona Lisa og Nattverden. Viss du ser på Mona Lisa, vil smilet hennar forandra seg etter kor du står i rommet. Det tok 16 år før Leonardo blei ferdig med måleriet.

Papirbakgrunn 8

Eit tidleg helikopter

Leonardo var veldig interessert i å fly. Han teikna fleire forskjellige flygemaskinar. Leonardo brukte fuglar som modell når han skapa flya sine. Han designa (teikna) også noko som er overraskande likt eit helikopter. Dette kalla han «luftskrue», og maskinen hadde ein propell som snurra akkurat som rotorane på eit helikopter.

Papirbakgrunn 8

Vatnet er livets hjelpemiddel

Leonardo var også veldig interessert i vatn. Han kalla det «livets hjelpemiddel». Jorda er heilt avhengig av vatn, akkurat som kroppen treng blod. Han forsøkte å laga ein eviggangsmaskin ved å bruka vatn for å få nokre hjul til å snurra rundt. 

Leonardo da Vincis vannsystem

Kjelder:

  • Spennende vitenskap – Junior (2020)
    Orage Forlag AS

 

 

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Free School – Youtube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Leonardo da Vinci / Louvre Museum
    7. Leonardo da Vinci
    8. Getty Images