Eit geni utanom det vanlege

Mange av heltane i vitskapen er kjende for éi fantastisk oppfinning eller oppdaging. Når det gjeld Leonardo da Vinci, veit me ikkje kor me skal byrja. Han var eit geni på mange område, blant anna biletkunst, byggjekunst og vitskap. Han hadde mange talent og tørsta etter kunnskap. Dette brukte han på å skapa kunstverk som me framleis har glede av den dag i dag, 500 år etter at han døydde.

Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Barndomen i Vinci

Leonardo blei fødd i Vinci nær Firenze i Italia 15. april 1452 (namnet hans tyder Leonardo frå Vinci.) Allereie då han var liten blei han fascinert av naturen, og han viste store teiknetalent. Då Leonardo var 15 år, ordna faren lærlingplass til han hos kunstnaren Andrea del Verrocchio. Her studerte han arkitektur (å teikna bygningar), målarkunst og bilethoggarkunst. Då læretida med Verrocchio var ferdig, byrja Leonardo å måla for seg sjølv. Han reiste til Milano. Her gav borgarmeisteren i byen, hertug Ludovico Sforza, Leonardo i oppdrag å måla.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!