Det elektromagnetiske spekteret
Elektromagnetisk stråling er energi som bevegar seg som elektromagnetiske bølgjer. Synleg lys, radiobølgjer og røntgenstrålar er alle døme på elektromagnetisk stråling. Når ei elektrisk ladning veks og forandrar styrke, oppstår ei forstyrring i det elektromagnetiske feltet som omgir henne. Denne forstyrringa skaper elektromagnetiske bølgjer som bevegar seg bort frå ladninga.
Bølgjelengder
Dei ulike bølgjetypane som fer gjennom verdsrommet, kan samanliknast med tangentane på eit piano. Dei låge tonane på det elektromagnetiske spekteret har lange bølgjer som ikkje inneheld særleg mykje energi. Dei byrjar ved radiobølgjer og held fram til høgare tonar – heilt til gammabølgjer, som er veldig energirike.
Treng ikkje luft
Sidan delane av spekteret blir kalla «bølgjer», er det lett å tenkje seg at dei liknar lydbølgjer. Lydbølgjer får lufta til å vibrere slik at øyret merkar det. Men med elektromagnetisk stråling er det litt annleis. Ho treng ikkje luft for å komme fram og består av rørsler i magnetfelt og elektriske felt.
Infraraud stråling
Alt som tek varme, sender ut infraraud stråling. Det kjem til og med litt frå kroppen vår. Slik stråling finst i verdsrommet òg, men vi kan ikkje sjå henne med auga. Men teleskop som Spitzer er kjenslevare for den infraraude delen av spekteret. Desse bølgjene stammar vanlegvis frå stjernetåker – kosmiske fødestover der nye stjerner blir til.
⬅ Nyare febertermometer bruker infraraud stråling for å måle temperaturen på pasienten.
Gammabølgjer
Gammabølgjer er så skadelege for oss at dei kan gå tvers gjennom kroppen. Det einaste som kan stoppe dei, er fleire centimeter tjukk bly. På jorda kan gammabølgjer dannast når atombomber går av, men i universet kjem dei frå mektige eksplosjonar i fjerne galaksar. Desse gamma-utbrota er blant dei mest energirike fenomena i heile universet.
⬅ Det var mellom anna gammastrålinga som gjorde at innbyggjarane i Tsjernobyl og områda rundt måtte flykte etter ulukka i kjernekraftverket i 1986.
Røntgen
Røntgenstrålar oppstår når materie blir varma opp til millionar av grader der magnetfelt, store krefter og enorm tyngdekraft er på ferde. I det daglege bruker vi røntgenstrålar til å gjennomlyse kroppen for medisinske formål.
Synlege bølgjer
Synleg lys er dei bølgjelengdene auga våre kan oppfatte. Det er takka vere denne biten av det elektromagnetiske spekteret at auga kan få med seg dei synlege delane av universet. Desse er stjerner, planetar og galaksar.
Mikrobølgjer
Mikrobølgjer kjenner du sikkert best frå omnane som bruker dei til å varme opp mat. Mikrobølgjer finst over heile universet, ikkje minst i den kosmiske bakgrunnsstrålinga som heng igjen etter Big Bang. Med kosmisk meiner vi det som skjer i og stammar frå verdsrommet. I dag fyller den kosmiske bakgrunnsstrålinga heile universet og gir ein temperatur på 270 kuldegrader. Når TV-skjermen ikkje får noko anna signal, er det denne strålinga som gir «snøvêret».
Radiobølgjer
Vi bruker radiobølgjer til kommunikasjon og kringkasting, men dei oppstår naturleg òg i lyn. Fysikaren James Clerk Maxwell var den første som føresa at desse bølgjene måtte finnast, og i 1930-åra oppdaga fysikaren og ingeniøren Karl Jansky at dei kom frå vår eigen galakse.
Kjelder:
- Utrolig vitenskap (2018)
Orage Forlag AS
- Sandstad, Jakob: elektromagnetisk stråling i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 9. juni 2020 frå https://snl.no/elektromagnetisk_stråling
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Thomas Lervik Engåvoll – Youtube
-