Må vi sova?
Menneske søv bort litt over 30 prosent av livet sitt, men ingen veit kva søvn eigentleg er godt for. Men vi veit at vi kan bli koko utan søvn.
Det er livsviktig å sova
Å gå utan søvn vil rett og slett gjera deg psykotisk, og til slutt døyr du. Kroppen er utan tvil avhengig av søvn for å fungera. Men forskarane veit ikkje heilt kvifor søvn er så viktig.
EEG aktivitet av hjernen
Hjernen må skyljast rein
Mens du søv, blir hjernen overfløymd av ei væske. Denne væska reinsar og tømmer hjernen for avfallsstoff. Viss du ikkje søv, vil hjernen din ta til å slita, og du får ein såkalla dårleg kognitiv funksjon. Det betyr at du får vanskar med å hugsa og læra. Det blir også vanskeleg å planlegga og løysa problem.
Kroppen treng omstart
Kroppen køyrer mange avanserte system, og desse er avhengige av regelmessig søvn for å fungera best mogleg. Blant dei er hormonsystemet, immunsystemet og voksteren din. Du må få nok god søvn for å halda kroppen i balanse! Det held sjukdommar unna og sørger for at du utviklar deg normalt.
Kva kan draumane bety?
Nokre forskarar meiner at vi drøymer dei intense draumane slik at hjernen kan øva seg. Han øver på situasjonar eller kjensler som vi vanlegvis ikkje opplever i kvardagen. Det blir som ei trygg «tørrtrening». Men musklane er lamma, slik at kroppen ikkje kan bevega seg som i draumen.
Andre forskarar trur at vi omarbeider vonde kjensler i draumane. Kva draumane tyder, har slik sett ein stor plass i psykologien.
Langvarig søvnmangel er farleg
Viss du går utan søvn i 24 timar, vil det påverka hjernen din. Då verkar han veldig dårleg. Ekstrem og langvarig søvnmangel er ingen spøk. Det kan føra til at organa sviktar, og til at ein til slutt døyr.
Du hugsar dårleg
Søvnmangel fører til dårlegare korttidsminne. Det blir også vanskelegare å skilja mellom kva som er viktig og uviktig. Søvnmangel påverkar oppførselen din og dei kjenslemessige reaksjonane dine. Det påverkar òg korleis du taklar stress.
Vektauke
Søvnmangel gjer at du kan gå opp i vekt. Mangel på søvn påverkar hormona som regulerer svoltkjensla. Nivået av hormonet som held orden på feittlagringa i kroppen, går ned.
Hormonet som fortel deg at du er svolten, blir pumpa ut i blodet når du går glipp av søvn.
For lite søvn gjer deg trist
Det er ein sterk samanheng mellom søvnmangel og fleire psykiske sjukdommar. For lite søvn over tid kan føra til depresjon, angstlidingar og mani.
Trøytt ungdom? Heilt naturleg!
Ein treng rundt ni timar søvn kvar natt når ein er mellom 10 og 25 år. Tenåringar kan òg oppleva naturlege endringar i døgnrytmen. Då blir trøyttleiken utsett med rundt to timar. Og då får ein lyst til å sova lenge om morgonen!
Kjelder:
- Kropp & Helse (2020)
Orage Forlag AS
- Slik virker kroppen (2019)
Orage Forlag AS
- Boccara, Charlotte: søvn i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 10. november 2020 frå https://sml.snl.no/søvn
- Teigen, Karl Halvor; Malt, Ulrik: drøm i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. november 2020 frå https://snl.no/drøm
Bilet- og videorettar:
-
-
Thinkstock
-
Science Photo Library
-
Alamy
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock
-
Dreamstime
-
Shutterstock
-