Må vi sova?
Menneske søv bort litt over 30 prosent av livet sitt, men ingen veit kva søvn eigentleg er godt for. Men vi veit at vi kan bli koko utan søvn.
Det er livsviktig å sova
Å gå utan søvn vil gjera deg psykisk sjuk. Til slutt døyr du. Kroppen er heilt avhengig av søvn for å fungera. Men forskarane veit ikkje akkurat kva som gjer søvn så viktig.
EEG aktivitet av hjernen
Hjernen må skyljast rein
Mens du søv, blir hjernen overfløymd av ei væske. Denne væska reinsar og tømmer han for avfallsstoff. Viss du ikkje søv, vil hjernen din ta til å slita. Du får vanskar med å hugsa, læra, planlegga og løysa problem.
Kroppen treng omstart
Kroppen har mange avanserte system. Desse systema treng søvn for å fungera best mogleg. Du må sova for å halda kroppen i balanse, halda sjukdommar unna og utvikla deg normalt.
Kva kan draumane bety?
Nokre forskarar meiner at hjernen øver seg når han drøymer. Han øver på situasjonar eller kjensler som vi vanlegvis ikkje opplever i kvardagen. Det blir som ei trygg «tørrtrening». Men musklane er lamma når ein drøymer. Kroppen kan ikkje bevega seg som i draumen.
Andre forskarar trur at vi omarbeider vonde kjensler i draumane. Kva draumane tyder, har derfor ein stor plass i psykologien.
Langvarig søvnmangel er farleg
Viss du går utan søvn i 24 timar, vil det påverka hjernen din. Då verkar han veldig dårleg. Ekstrem og langvarig søvnmangel er farleg. Det kan føra til at organa sviktar, og at ein døyr.
Du hugsar dårleg
Søvnmangel fører til dårlegare korttidsminne. Det blir også vanskelegare å vita kva som er viktig eller uviktig. Søvnmangel påverkar oppførselen din. For lite søvn påverkar kjenslemessige reaksjonar og korleis du taklar stress.
Vektauke
Du kan gå opp i vekt når du ikkje søv nok. Mangel på søvn påverkar hormona som regulerer svoltkjensla. Hormonet som fortel deg at du er svolten, blir pumpa ut i blodet når du går glipp av søvn.
For lite søvn gjer deg trist
Det er ein sterk samanheng mellom søvnmangel og fleire psykiske sjukdommar. For lite søvn i mange dagar kan føra til at du blir veldig trist.
Trøytt ungdom? Heilt naturleg!
Ein treng rundt ni timar søvn kvar natt viss ein er mellom 10 og 25 år . Tenåringar kan oppleva naturlege endringar i døgnrytmen. Då blir trøyttleiken forseinka med rundt to timar. Det gjer at ein får lyst til å sova lenge om morgonen.
Kjelder:
- Kropp & Helse (2020)
Orage Forlag AS
- Slik virker kroppen (2019)
Orage Forlag AS
- Boccara, Charlotte: søvn i Store medisinske leksikon på snl.no.
Henta 10. november 2020 frå https://sml.snl.no/søvn
- Teigen, Karl Halvor; Malt, Ulrik: drøm i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 10. november 2020 frå https://snl.no/drøm
Bilet- og videorettar:
-
-
Thinkstock
-
Science Photo Library
-
Alamy
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Shutterstock
-
Thinkstock
-
Dreamstime
-
Shutterstock
-