Magna Carta  –  den store avtalen

Magna Carta betyr eigentleg «den store avtalen».  Avtalen vart signert 15. juni i 1215, av John av England. Denne avtalen inneheldt store endringar i korleis landet skulle styrast. Det var eit dokument som ikkje berre var ei omvelting på papiret, men det la òg grunnlaget for alle opprør mot kongen seinare. På denne måten vart Magna Carta ein viktig del av starten på demokratiet i den engelskspråklege verda.

Kong John signerer Magna Carta

Magna Carta hindra for første gong makta til kongen. Adelen var lei av av alle skattane som vart pålagde av upopulære kongar. Kongane trong pengar for å føre dyre og katastrofale krigar mot Frankrike.

Men den 3600 ord lange kontrakten inneheldt tre viktige vilkår som har endra det engelske samfunnet.

1. Han garanterer ei rettferdig rettssak for alle.
2. Han fjerna retten monarken hadde til å krevje dei skattane han ville.
3. Det vart òg gjort klart at om kongen ikkje følgde vilkåra i Magna Carta , kunne han bli avsett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Magna Carta presentert til kong John av England
Magna Carta presentert til kong John av England

Forhold i Noreg

Av dei 63 punkta er tre av dei framleis ein del av norsk lov: forsvar av rettane til kyrkja, forsvar av rettane til alle byar og rett til ein rettferdig rettargang.

Forhold i Amerika

Rettane til den frie mannen mot tyranniet til kongane stod skrive i Magna Carta. Det gav ikkje berre dei amerikanske nybyggjarane god grunn til å gjere opprør, det inspirerte dei òg til å skrive sine eigne dokument. Både sjølvstendeerklæringa frå 1776 og Bill of Rights i 1789 er påverka av tidlege dokument, og ni av føresegnene i sistnemnde er henta direkte frå Magna Carta.

FN

Prinsipp frå Magna Carta er òg attgitt i Menneskerettserklæringa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Stortinget, Oslo, Norge
Stortinget, Oslo, Norge

Visste du at …

Latinsk litteratur  

Heile dokumentet vart skrive samanhengande på mellomaldersk latin, men seinare utgåver har delt punkta opp i 63 klausular.

Berre éin forfattar 

Heile dokumentet vart skrive av berre éin skriftlærd som forkorta nokre ord for å spare plass på sida.

Naturleg blekk

Magna Carta er skrive med jerngallusblekk, laga av galle frå tre (vekst som kjem av sopp eller bakteriar), jernsulfat og vatn.

Ekte pergament 

Magna Carta vart skriven på pergament av tørka saueskinn.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Kong John signerer Magna Carta
Kong John signerer Magna Carta

Kjelder:

  • Ny vitenskap (2016)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images