Ei kvinne blant menn

Marie Curie var den første kvinna som fekk ein av dei berømte nobelprisane. Det var i 1903. Ho fekk nobelprisen i fysikk for studiane sine av radioaktive stoff. Henri Becquerel, som oppdaga radioaktiviteten i stoffa, fekk halvparten av prisen, og Marie delte den andre halvparten med mannen sin, Pierre Curie.

Marie var eigentleg polsk og budde i Paris. Her var ho blant dei fremste forskarane i eit miljø som var sterkt dominert av menn. På denne tida skulle kvinner helst driva med broderi og elles halda seg heime. Men Marie kjempa seg inn i forskarmiljøet. Nobelprisen var òg ein personleg siger – no blei ho endeleg godtatt som seriøs forskar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Marie Curie med svart bakgrunn

Ein unik prestasjon

I 1911 fekk Marie endå ein nobelpris – denne gongen i kjemi. Ho hadde oppdaga dei nye grunnstoffa polonium og radium. Ho er til dags dato den einaste personen som har fått to nobelprisar fordelt på to ulike vitskapelege felt. Marie Curie var eit geni som medverka sterkt til den vitskapelege utviklinga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Marie og Pierre Curie

Det magiske stoffet

Marie oppdaga grunnstoffet radium som hadde nokre heilt spesielle eigenskapar. Ho forstod at radium sender ut stråling frå atomkjernen, Det er dette som blir kalla radioaktivitet. Då det sjølvlysande stoffet var nytt og spennande, blei det brukt i alt frå tannkremar til klokker.

Gammel alarmklokke med radium

Radium kjem til nytte

Vi veit no at strålinga frå radium er helseskadeleg. Men blir det brukt riktig, reddar det liv. Eit eksempel på dette er i kreftbehandling.

Marie fekk i stand bilar som var røntgenlaboratorium på hjul. Dei blei brukte i frontlinja under den første verdskrigen. Maskinane oppdaga indre skadar hos såra soldatar, ved å ta røntgenbilete av dei. Maries radium blei òg brukt i dette arbeidet, og Marie deltok sjølv.

Marie Curie i en bil kalt røntgenlaboratorier på hjul

Personleg trøbbel

Maries mann Pierre døydde i ei trafikkulykke i 1906, og Marie tok over professorjobben hans. Då det blei kjent at ho hadde eit forhold med ein gift mann – som var separert frå kona – var det ein skandale. Noko slikt var uhøyrt på byrjinga av 1900-talet, og ho blei sjuk av dei ufine rykta om henne.

Portett av Pierre Curie

Det største offeret

Marie Curie blei òg sjuk av strålinga ho utsette seg for gjennom heile arbeidet sitt. Ein visste ikkje kor farleg strålinga var den gongen. Marie Curie døydde 67 år gammal av blodmangel, mest sannsynleg på grunn av strålinga frå forskinga på radium. Slik sett gav ho livet sitt til forskinga.

Notatbøkene hennar må ein framleis ta vare på i ein boks av bly fordi dei var og er enno svært radioaktive.

Illustrasjon av laboratorium til Marie og Pierre Curie

Arven etter Marie Curie

Marie fikk to døtrer. Iréne gjekk i fotspora til mor si, og i 1935 mottok Iréne og ektemannen Frédéric Joliot nobelprisen i kjemi. Eve er den andre og kanskje mindre kjende dottera. Ho blei konsertpianist, journalist og forfattar.

Marie Curie var ei modig pionerkvinne som var lidenskapeleg opptatt av å forska. Ho formidla kunnskapen sin til omverda og lét han komma til nytte for heile samfunnet.

Marie Curie med hennes to døtre, Iréne og Eve Curie

Kjelder:

  • Historiens største kvinner (2019)
    Orage forlag AS, 2019

Bilete- og videorettar:

    1. Henri Manuel
    2. Getty Images / TED-Ed  YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Foto: Ukjent (CC BY 4.0)