Ei kvinne blant menn

Marie Curie var den første kvinna som fekk ein nobelpris. Det var i 1903. Ho fekk nobelprisen i fysikk for studiane sine av radioaktive stoff. Henri Becquerel oppdaga radioaktiviteten i desse stoffa. Han fekk halvparten av nobelprisen. Marie delte den andre halvparten med mannen sin, Pierre Curie.

Sjølv om Marie eigentleg var polsk, budde ho i Paris. Her var ho blant dei flinkaste forskarane, men det var nesten berre menn. På denne tida skulle kvinner helst halda seg heime. Men Marie kjempa seg inn i forskarmiljøet. Nobelprisen var òg ein personleg siger for henne. Endeleg blei ho godtatt som seriøs forskar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Marie Curie med svart bakgrunn
Portrett av Marie Curie med svart bakgrunn

Ein unik prestasjon

I 1911 fekk Marie endå ein nobelpris! Denne gongen var det nobelprisen i kjemi. Ho mottok prisen for å ha oppdaga dei nye grunnstoffa polonium og radium. Ho er til dags dato den einaste personen som har fått to nobelprisar i to forskjellige vitskapelege felt. Ho var eit geni som medverka sterkt til den vitskapelege utviklinga.

Lær meir om Marie Curie og den norske assistenten hennar, Ellen Gleditsch.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Marie og Pierre Curie
Marie og Pierre Curie

Det magiske stoffet

Marie oppdaga grunnstoffet radium som hadde nokre heilt spesielle eigenskapar. Ho forstod at radium sender ut stråling frå atomkjernen. Det er dette som blir kalla radioaktivitet. Då det sjølvlysande stoffet var nytt og spennande, blei det brukt i alt frå tannkremar til klokker.

Gammel alarmklokke med radium

Radium kjem til nytte

Vi veit no at strålinga frå radium er helseskadeleg. Men blir det brukt riktig, reddar det liv. Eit eksempel på dette er i kreftbehandling.

Marie fekk i stand bilar som var laboratorium på hjul. Desse bilane kunne ta røntgenbilete av soldatar! Bilane blei brukte under den første verdskrigen. Maskinane i bilane tok røntgenbilete av såra soldatar. Då kunne ein oppdaga indre skadar hos soldatane. Maries radium blei òg brukt i dette arbeidet, og Marie deltok òg sjølv.

Marie Curie i en bil kalt røntgenlaboratorier på hjul
Marie Curie i en bil kalt røntgenlaboratorier på hjul

Personleg trøbbel

Maries mann Pierre døydde i ei trafikkulykke i 1906. Etter det tok Marie over jobben hans som professor.

Då det seinare blei kjent at ho hadde eit forhold med ein gift mann – som var separert frå kona – var det ein skandale. Noko slikt var ikkje populært på byrjinga av 1900-talet. Marie Curie blei sjuk av dei ufine rykta om henne.

Portett av Pierre Curie

Det største offeret

Marie Curie blei òg sjuk av strålinga ho fekk frå arbeidet sitt. Ein kjende ikkje til kor farleg strålinga var den gongen. Marie Curie døydde 67 år gammal av blodmangel. Dette var mest sannsynleg på grunn av strålinga frå forskinga på radium. På  denne måten gav ho livet sitt til forskinga.

Notatbøkene hennar må ein framleis ta vare på i ein boks av bly fordi dei enno er svært radioaktive.

Illustrasjon av laboratorium til Marie og Pierre Curie
Illustrasjon av laboratorium til Marie og Pierre Curie

Arven etter Marie Curie

Marie fikk to døtrer. Irène gjekk i fotspora til mor si. Ho fekk òg nobelprisen i kjemi. Eve er den andre dottera. Ho blei konsertpianist, journalist og forfattar.

Marie Curie var ei modig kvinne som var veldig opptatt av å forska! Ho formidla kunnskapen sin til samfunnet rundt henne. På denne måten kom forskinga hennar til nytte for heile verda.

Marie Curie med hennes to døtre, Iréne og Eve Curie

Kjelder:

  • Historiens største kvinner (2019)
    Orage forlag AS, 2019

Bilete- og videorettar:

    1. Henri Manuel
    2. Getty Images / TED-Ed  YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Foto: Ukjent (CC BY 4.0)