Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Ein næringsrik og mettande lunsj er viktig for å halde oppe konsentrasjonen – og ikkje minst humøret – gjennom ein lang dag i klasserommet. Lunsjen vil også bidra til ein betre skuledag, både fagleg og sosialt. Men korleis kan vi vite om matpakka gir oss den næringa vi treng?

Accessibility icon Matpakken – drivstoff gjennom dagen

Kva kjenneteiknar ein god matpakke?

Matpakken er ofte ei brødskive med gulost eller leverpostei.  Han kan også bestå av middagsrestar eller ein salat. Men korleis kan vi vite om han gir oss den næringa vi treng?

To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.
To matbokser i glass på marmormønstret benkeplate. Ene boksen har toast og tomater, den andre avokado, kokt egg, blåbær og banan.

Tanken bak  matpakken

Vi et mat for å få i oss næring som kroppen omdannar til energi. Men ikkje alle matvarer er like næringsrike.

Når storefri endeleg er her, og vi er klare for lunsj, har vi allereie hatt fleire timar med undervisning. Det er lenge sidan frukost, og framleis lenge til middag.

For å halde oppe konsentrasjonen og humøret, må vi ete riktig. Det vil gje oss ein betre skuledag, både fagleg og sosialt.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.
Plastboks med en skrukkete stekt pølse.

Tre kategoriar

Uansett kva slags matpakke du har, er det viktig at han inneheld desse matvarene:

  1. grove kornprodukt
  2. grønsaker, frukt eller bær
  3. protein (fisk, bønner, ost, egg eller kjøt)
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.
Tallerken og bestikk tegnet med skisset strek. Tallerkenen er delt i tre like store deler, alle i ulike farger. Hvert del inneholder henholdsvis en matgruppe: frukt og grønt, kjøtt, fisk og egg, samt brød og pasta.

Kvifor  grove kornprodukt?

Grovt brød inneheld store mengder kostfiber. Magen din må jobbe ekstra lenge for å fordøye fiberrik mat, og dermed vil du føle deg mett lenger.

Fiber er også veldig bra for ei rekkje andre ting:

  • effektivt mot forstopping  i tarmen
  • reduserer risikoen for sjukdommar
  • bidrar til at mengda  blodsukker held seg jamn – då får kroppen riktig mengde energi
  • bidrar til å senke kolesterolet slik at feitt ikkje festar seg på innsida av blodårane
  • bidrar til betre tannhelse – tygging av fiber gir auka spyttproduksjon, og spytt reinsar munn og tenner

Grove brød er også ei god kjelde til protein, som er byggesteinane i kroppen. Proteinet i brød er hovudsakleg gluten.

I tillegg gir grove kornprodukt deg stoff som jern, sink og E-vitamin. Alle desse er viktige for at kroppen skal fungere godt.

Feittet i brød og korn er hovudsakleg ein- og fleirumetta feitt.

Denne typen feitt gjer at du får mindre kolesterol i blodet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.
Surdeigsbrød med vakkert mønster på rustikk fjøl oppå benkeplate i marmor.

Kvifor grønsaker, frukt og bær?

Frukt, grønsaker og bær er kjempeviktige i det daglege kosthaldet. Det har du høyrt mange gongar før. Men det kan ikkje seiast ofte nok.

Denne matgruppa inneheld mykje vitamin og fiber, samtidig som ho gir lite feitt og energi.

Frukt og grønnsaker gir oss mengder av næringsstoff som vi treng.

Frukt og grønsaker hjelper oss til å førebyggje alvorlege sjukdommar. Vi kan lettare unngå å få kreft, hjartesjukdommar, overvekt og diabetes.

For å få i oss nok av desse stoffa, er det avgjerende at denne matgruppa blir ein del av alle måltid – også matpakken!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.
Brokkoli og erter på en rustikk fjøl, mot en mørk grå benkeplate. Naturlig lys med mye skygger.

Kvifor protein?

Proteina er byggjesteinane i kroppen. Litt som Lego.

I Noreg får dei fleste i seg nok protein. Men på verdsbasis døyr fleire millionar barn kvart år på grunn av proteinmangel.

Protein består av lange kjeder med det vi kallar aminosyrer. 22 av desse aminosyrene er livsnødvendige. Kroppen lagar nokre av dei, mens andre får vi gjennom maten vi et.

Aminosyrer vert for det meste produserte i plantar. Derfor må vi få dette ved å ete planteetande dyr, grønsaker og korn.

Mat som inneheld dei viktigaste aminosyrene kallar vi fullverdig protein. Dette er for eksempel kjøt, fugl, fisk, egg, melkeprodukt, ost og soyabønner.

Vegetarianarar kan få i seg fullverdig protein ved å ete korn, ris, mais, soyabønner, erter, linser, frø og nøtter.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.
Rått egg i knust skall og to hele egg i en skål, mot en mørk bakgrunn.

Skive med sveitt ost

Matpakken skal hjelpe deg gjennom ein lang og krevjande skuledag. Men ofte går det fleire timer frå matpakken er smurd, til vi et han på skulen. Då er det ikkje alltid like freistande å ete maten.

Her er nokre tips til å halde matboksen kald i sekken gjennom skuledagen:

  1. Ha matboksen i eit mindre rom i sekken saman med eit kjøleelement.
  2. Frys ned drikkeflaska di over natta. Legg flaska saman med matboksen i sekken. Då har du både frisk mat og kald drikk til lunsjen.
  3. Viss du liker yoghurt til lunsj, kan du fryse ned yoghurten og ha han frosen opp i matboksen. Då held han skivene kalde, samtidig som han tiner akkurat i tide til storefri.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks
Ulike drikkeflasker med vann i en fryserboks

Matpakkeeksperimentet

Kva skjer viss  du serverer kebab og cola til lunsj til ein gjeng seksåringar? Sjekk eksperimentet til Helsedirektoratet:

 

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Helsedirektoratet – YouTube