Minecraft – Byplanlegging

Sørg for at byen din ikkje blir ein utriveleg og rotete stad! Du treng ein plan!

Accessibility icon Minecraft – Byplanlegging

Du treng ein plan!   

Når du skal byggje ein by i Minecraft, er det lett å bli utolmodig. Du vil helst gå i gang med bygginga med ein gong. Det kan likevel vere lurt å vente litt. Du treng nemleg ein plan 

Du treng ikkje ein plan som seier kvar alle blokkene i byen skal vere. Men det er lurt å planleggje kvar dei ulike husa skal hamne på kartet. 

Her kjem nokre gode råd som kan hjelpe deg og byen din.   

Soner

Byar er vanlegvis delt opp i soner (område med særskilte funksjonar). Det finst område der menneske bur, soner der det er mange butikkar, soner der det er mest kontor, og soner der det er mange fabrikkar. Det finst også område med mange offentlege bygningar. Dette kan vere teater, rådhus og bibliotek. 

Prøv å dele opp byen din i slike soner, akkurat som i ein ekte by. Du kan også blande og eksperimentere litt om du vil. Ein finn til dømes alltid nokre små butikkar i område der det bur folk. Men stort sett vil bygningar av same typen (hus, kontor og så vidare) vere i nærleiken av kvarandre. 

Teikn ein plan!  

For å vere sikker på at du lager ein gjennomtenkt bystruktur, er det fornuftig å teikne ein plan på førehand. Dette treng ikkje vere eit kunstverk. Det held med ei enkel oversikt over kvar bygningar skal plasserast.  

Planen må vise kva for eit område kvar bygning skal halde til i.  Den faktiske storleiken og forma på bygningen er ikkje like viktig akkurat no. Du vil mest sannsynleg ikkje at alle husa dine skal vere nøyaktig like firkanta som på planteikninga Då vil byen din fort kunne sjå ganske så kjedeleg ut! 

Set ut skilt! 

Når du har planlagt byen din på papiret (og du er fornøgd), er det lurt å setje av plass til verda di. Bruk ulike leirblokker for å markere staden der kvar hustype skal hamne på kartet (blå kan til dømes symbolisere hus). Bruk også skilt som seier kva kvart bygg skal vere. Det er kjedeleg arbeid, men det vil gjere bygginga di mykje enklare.  

Vel stil! 

Så må du velje kva slags stil husa dine skal ha. Skal du byggje einebustader eller leilegheiter? Høge blokker eller låge hus? Skal dei vere moderne eller tradisjonelle? Heldigvis er det din by – og du bestemmer! 

Korleis byggje ein attraktiv by 

Kjelder:

  • Minecraft (2018): Byer og byggverk
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. The School Of Life YouTube