Minecraft – Byplanlegging

Sørg for at byen din ikkje blir ein utriveleg og rotete stad! Du treng ein plan!

Accessibility icon Minecraft – Byplanlegging

Du treng ein plan!   

Når du skal byggje ein by i Minecraft, er det heilt naturleg at det er freistande å hoppe rett ut i bygginga. Det kan likevel vere lurt å vente litt. Du treng nemleg ein plan 

Du treng ikkje ei nøyaktig oversikt som seier kvar alle blokkene i byen skal vere. Men det løner seg verkeleg å ha eit omtrentleg utgangspunkt for kvar dei ulike husa skal hamne på kartet. 

Her kjem nokre solide råd som kan hjelpe deg og byen din. 

Soner

Byar er vanlegvis delt opp i soner. Det finst soner der menneske bur, soner der det er mange butikkar, soner der det er mest kontor, og soner der det er mange fabrikkar. Det finst også område med mange offentlege bygningar. Dette kan vere teater, rådhus og bibliotek. 

Prøv å dele opp byen din i slike soner, akkurat som i ein ekte by. Du kan sjølvsagt blande og eksperimentere litt som du vil – ein finn til dømes alltid nokre små butikkar i område der det bur folk – men stort sett vil bygningar av same typen (hus, kontor og så vidare) vere i nærleiken av kvarandre. 

Teikn ein plan!  

Den beste måten du kan sørgje for å unngå ei mengde tilfeldige bygningar hulter til bulter på, er ved å teikne ein plan på førehand. Det treng ikkje vere eit kunstverk. Ei enkel oversikt over kvar bygningar skal plasserast, er alt som trengst 

Planen må vise kva for eit område kvar bygning skal halde til i -den faktiske storleiken og forma på bygningen er ikkje like viktig akkurat no. Du vil truleg ikkje at alle bygga  dine skal vere nøyaktig like firkanta som på planteikninga – då vil byen din sjå ganske så kjedeleg ut! 

Set ut skilt! 

Når du har planlagt byen din på papiret (og du er fornøgd), er det lurt å markere verda di. Bruk ulike leirblokker for å markere staden der kvar hustype skal hamne på kartet (blå kan til dømes symbolisere hus). Bruk også skilt som seier kva kvart bygg skal vere. Det er kjedeleg arbeid, men det vil gjere livet ditt enklare i lengda.  

Vel stil! 

Så må du ta stilling til kva for stil husa dine skal ha. Skal du byggje einebustader eller leilegheiter? Høge blokker eller låge hus? Skal dei vere moderne eller tradisjonelle? Heldigvis er det din by – og du bestemmer! 

Korleis byggje ein attraktiv by 

Kjelder:

  • Minecraft (2018): Byer og byggverk
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. The School Of Life YouTube