Minecraft – Byplanlegging

Sørg for at byen din ikkje blir ein utriveleg og rotete stad! Du treng ein plan!

Accessibility icon Minecraft – Byplanlegging

Du treng ein plan!   

Når du skal byggje ein by i Minecraft, er det lett å bli utolmodig. Du vil helst gå i gang med bygginga med ein gong. Det kan likevel vere lurt å vente litt. Du treng nemleg ein plan 

Du treng ikkje ein plan som seier kvar alle blokkene i byen skal vere. Men det er lurt å planleggje kvar dei ulike husa skal hamne på kartet. 

Her kjem nokre gode råd. Kanskje dei kan hjelpe deg når du skal byggje byen din?

Soner

Byar er vanlegvis delt opp i soner, eller område med særskilte funksjonar. Det fins område der menneske bur, område der det er mest kontor og område der det er mange fabrikkar. Det finst også område med mange offentlege bygningar. Dette kan vere teater, rådhus og bibliotek. 

Prøv å dele opp byen din i slike soner, akkurat som i ein ekte by. Du kan også blande litt om du vil. Ein finn til dømes alltid nokre små butikkar i område der det bur folk. Men som oftast vil hus av same typen (butikkar, kontor og så vidare) vere i nærleiken av kvarandre. 

Teikn ein plan!  

For å vere sikker på at du byggjer ein bra by, er det lurt å teikne ein plan på førehand. Dette treng ikkje vere eit kunstverk! Det held med ei enkel teikning over kvar bygningar skal plasserast.  

Planen må vise kva for bygningar som høyrer til dei ulike områda. Storleiken og forma på bygningen er ikkje like viktig akkurat no. Du vil sikkert ikkje at alle husa dine skal vere nøyaktig like firkanta som på planteikninga uansett. Då vil byen din fort kunne sjå ganske så kjedeleg ut! 

Set ut skilt! 

No har du lagt ein plan for byen din på papiret. Dernest er det lurt å setje av plass i verda di. Bruk ulike leirblokker for å markere der kvar hustype skal hamne på kartet (blå kan til dømes markere hus). Bruk også skilt som seier kvar kvart bygg skal vere. Det er kjedeleg arbeid, men det vil gjere bygginga di mykje enklare.  

Vel stil! 

Så må du velje kva slags stil husa dine skal ha. Skal du byggje einebustader eller leilegheiter? Høge blokker eller låge hus? Skal dei vere moderne eller tradisjonelle? Heldigvis er det din by – og du bestemmer! 

Korleis byggje ein attraktiv by 

Kjelder:

  • Minecraft (2018): Byer og byggverk
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent
    5. Ukjent
    6. The School Of Life YouTube