Minecraft

Bygg ditt eige peparkakehus

 Å lage peparkakehus høyrer med til jula. Kvifor ikkje byggje eitt i Minecraft? Du kan byggje eit søtt lite hus, eller ei gigantisk peparkakeborg. I Minecraft har du alle moglegheiter, det er berre å setje i gong!

Nissefjes i minecraft stil
Nissefjes i minecraft stil
STEG 1

Begynn med å finne deg ein god stad å byggje. Du kan til dømes sjå etter ein fin liten skog eller ein flott isdekka sjø, der du kan lage skikkeleg julestemning. Så er det berre å flate ut området og lage ein grunnmur. Mørke eikeplankar passar godt som golv, og dei kan òg minne litt om sjokolade? Deretter kan du begynne å byggje vegger av oransje leire, og du kan gjere huset ditt så stort eller lite som du vil.

STEG 2

No er det på tide å byggje sjølve huskonstruksjonen, og det er viktig at framsida og baksida er like, slik at taket passar skikkeleg. Kven er det vel som vil ha eit skeivt tak? Deretter er det berre å slå ut hol til vindauge og dører. Og kva skal du gjere med alle «peparkakebitane» du fjernar? Ete dei sjølvsagt!

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Minecraft pepperkakehus
Minecraft pepperkakehus
STEG 3

Tanken på at ei stor vevkjerring kan komme og øydeleggje julemiddagen, er ikkje særleg hyggeleg, så det er viktig at du får på plass eit godt tak. Bygg det opp frå ei av endane, slik at det får same forma som endeveggene, og pass på at det blir symmetrisk. Legg merke til at vi ikkje har fylt ut heile taket i bildet – du vil snart skjønne kvifor …

Minecraft pepperkakehus uten tak
Minecraft pepperkakehus uten tak
STEG 4

No har vi komme til punktet der peparkakehuset ditt verkeleg blir eit peparkakehus, for no skal vi pynte det! Du hugsar det halvferdige taket frå førre steg, ikkje sant? No kan du fylle det ut med snøblokker, slik at det ser ut som taket er dekt av glasur. Du kan òg pynte ekstra med snølag andre stader på taket. Du kan lage ei «sjokoladeplatedør» av ei eikedør, medan farga glas kan bli til vindauge som ser ut som dei er laga av smelta sukker.

Minecraft pepperkakehus
Minecraft pepperkakehus
STEG 5

Det er berre å sleppe kreativiteten laus når du skal pynte peparkakehuset ditt. Farga glas finst i mange ulike fargar, og desse kan du pynte huset med på ulike måtar. Slimblokker ser òg ut som gummigodteri, men pass på så du ikkje slepper levande slim laus i huset ditt, for då kan du vente deg eit skikkeleg kaos.

Minecraft julepynt
Minecraft julepynt
STEG 6

No bevegar vi oss inn i huset, korleis skal vi lage julestemning her? Du må i alle fall laga ei kiste du kan leggje gåvene dine i, og køyesenger som sikrar at du får meir golvplass til julefeiringa. I hjørnet har vi sett eit lite juletre. (Vel, strengt teke er det ein julebregne, men det er ikkje så farleg. Stemning blir det uansett.)

Minecraft stue innredet
Minecraft stue innredet
STEG 7

No burde det etande huset ditt sjå skikkeleg freistande ut, men det er framleis mykje du kan gjere på utsida for å gjere naboane misunnelege. Du kan lage ein snøgolem ved å setje to snøblokker oppå kvarandre og eit graskar på toppen. Han vil springe til liv, og traske rundt i hagen din medan han ser etter mobs han kan skremme bort. Du kan òg setje opp eit vennleg skilt til julenissen, der det står at du ventar besøk av han den 24. desember.

Snømann i minecraft stil
Snømann i minecraft stil
STEG 8

Sjølvsagt finst det dei som har større draumar enn dette, og som synest at eit heilt vanleg peparkakehus blir for kjedeleg. I Minecraft er det jo òg ei kjend sak at det er lurt å sikre huset sitt mot mobs, og det gjeld jo ikkje minst eit hus laga av peparkaker. Er du av dei som vil ha litt meir å bryne deg på, kan du jo prøve deg på kombinert peparkakehus og borg? Det er berre å sleppe seg laus!

Minecraft pepperkakehus
Minecraft pepperkakehus

Kjelder:

  • Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
    Orage Forlag AS

Bilde- og videorettar:

  • Den ultimate guiden til Minecraft (2019)
    Orage Forlag AS