London før bybrannen

I 1666 brann London by ned. Brannen øydela over 13 000 hus. Byen slik han var då blei heilt borte. Museum of London har laga eit kart over gamle London i Minecraft. Kartet viser deg korleis byen såg ut før. Kanskje du får lyst til å lage din eigen gammaldagse by?   

Det fins tre ulike kart. Eitt av karta er frå før brannen. Det andre er frå under brannen. Og det tredje er frå etter brannen. Alle kan lastast ned frå Museum of London. Her er nokre av bygga 

Tudorhus

I Minecraft byggjer ein ofte hus med rette og fine veggar. Men gammaldagse hus såg ikkje sånn ut. I staden stakk delar av huset ut her og der. Det ser ein veldig godt i dette artige byggverket. 

Dette huset er frå Tudor-perioden. I denne perioden bygde ein ofte hus med mørke trebjelkar og kvite veggar. Dette er eit bygg som krev mykje planlegging og nøye arbeid. Men når du er ferdig, er det nok verdt det.   

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!