London før bybrannen

I 1666 brann London by ned. Bybrannen øydela over 13 000 hus, og byen slik han var  blei heilt borte. Museum of London har laga eit kart over gamle London i Minecraft. Dette gjorde dei for å markere 350-årsjubileet for den store bybrannen i London. Kartet viser deg korleis byen såg ut før. Kanskje det kan inspirere deg til å lage din eigen gammaldagse by?   

Det fins tre utgåver av kartet. Eitt av karta er frå før brannen, eitt frå under og eitt frå etter brannen. Alle kan lastast ned frå Museum of London. Her er nokre av bygga.

Tudorhus

I Minecraft byggjer ein som oftast hus med rette og fine veggar. Men gammaldagse byggverk såg ikkje slik ut. I staden stakk delar av huset ut her og der. Akkurat det ser ein veldig godt i dette artige byggverket. 

Dette huset er inspirert av Tudor-perioden. I denne perioden bygde ein ofte hus med mørke trebjelkar og kvite veggar. Dette er eit bygg som krev mykje planlegging og nøye arbeid. Men når du er ferdig, er det nok verdt det.   

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!