Minnet

Korleis kan hjernen hugsa ting?

Accessibility icon Minnet

Kva skulle vi gjort utan minnet? 

Dersom vi ikkje kunne hugsa viktige hendingar i livet, ville vi mista kjensla av kven vi er.

Dersom vi mista evna til å lagra informasjon, ville vi ha same intelligens som ein nyfødd baby kvar dag, heile livet.

Minnet vårt har informasjon som vert lagra i hjernen, som hjernen kan henta fram. Han gjer oss i stand til å læra av ting vi opplever, skapa tillit, få oss til å forstå, utvikla eigenskapar gjennom trening og skapa ein tanke.

Bestefar som ser på gamle bilder med barnebarn

Hjernen lagrar like mykje informasjon som du får på Internett. 

Hendingar  som er viktige for oss, ber vi ofte med oss i lang tid. Til dømes vil hendingar som gjev oss sterke kjensler, skapa sterke nervesamband i hjernen.

Hjernen merkar alt gjennom sansane. Dei hendingane som påverkar oss mest, vert først lagra i korttidsminnet. Her vert dei berre lagra i eit kort tidsrom. Nokre ting gløymer vi etter tjue sekund.

Minne som vert henta fram fleire gongar, vert vurdert som viktige, og dei vert sterkare for kvar gong vi tenkjer på dei. Når det er sagt, vil ei hending endra seg bitte litt for kvar gong vi hentar ho fram frå minnet. Dette er årsaka til at minna våre endrar seg i løpet av livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En digital hjerne
En digital hjerne

Biologien bak minnet vårt  

Å sansa

Først vil ein registrera omgivnadane og hendingane rundt seg. Det vi ser og høyrer, er det sansane våre som oppfattar.

Frå sanseintrykk til kode

Informasjonen som sansane sender til hjernen, er i utgangspunktet for stor og vanskeleg til at hjernen kan behandla han. Difor vel hjernen ut enkelte informasjonsbitar. Uvanlege hendingar får mykje merksemd, men vanlege ting vert ofte sila ut.

Samansetting

For at desse minna skal verta verande i hjernen, må dei verta samankopla. Ved å kombinera koda opplevingar til eit fast langtidsminne, vert signala mellom nevrona i hjernen styrka, slik at vi seinare kan henta fram opplevinga igjen. Nevron er nerveceller som sender signal for vidare behandling.

Å lagra minne

Etter at opplevingane har vorte samla til eit minne, må hjernen lagra dei ein stad der han lett kan henta dei fram igjen. Men heile minnet vert ikkje lagra. Delar av minnet vert lagra og fungerer som hjelpemiddel, og hjernen brukar det til å skapa igjen hendingar så nøyaktig som mogleg.

Å henta minne 

Ein kan lagra tusenvis av hendingar som minnebitar, men desse er ubrukelege dersom vi ikkje kan henta dei fram. Dei fleste minna vert aldri brukt, men nokre vert henta fram ved hjelp av spesielle påminnarar. Dette kan til dømes vera ein song eller ei lukt. Når vi tenkjer tilbake på ei spesiell tid, kan vi også henta fram aktuelle minne. Når eit minne først er tatt fram éin gong, er det større moglegheit for at det kan verta henta fram fleire gongar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tegning på en skole tavle med post it lapper med lyspærer
Tegning på en skole tavle med post it lapper med lyspærer

Aldrande minne 

Kvar enkelt hjerne vil endra seg ulikt med alderen, og nokre få menneske har eit fantastisk minne. Dei fleste av oss hugsar ikkje mykje frå dei første leveåra, men det tyder ikkje at babyar ikkje lagar minne.

Babyar lagrar ting i minnet heile tida og dannar 700 nye nervesamband kvart sekund. Men etter kvart som hjernen utviklar seg i løpet av barndomen, vil dei minste brukte synapsane verta endra. Ein synapse er overgangen mellom nerveceller, der nervesignal vert overført.

Delar av synapsane vert øydelagde for å skapa ein god hjernestruktur.

Når vi mistar desse sambanda, altså synapsane, mistar vi samstundes mange av dei tidlegaste minna våre, men dei minna som er igjen, vert sterkare. På grunn av denne utviklinga kan minnet vårt lettare lagra og henta fram langtidsminne.

Etter kvart som vi vert eldre, kan enkelte område av hjernen krympa. Eit av desse områda er hippocampus, som mistar fem prosent av nervecellene sine for kvart tiår vi lever.

Hippocampus bestemmer kva minne som skal vidare frå korttidsminnet til langtidsminnet.

Resultatet er at signala mellom nervecellene i hjernen går saktare. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Familiebilder hengende på en hvit vegg
Familiebilder hengende på en hvit vegg

Inni minnebanken 

1. Frå sansar til minne

Isselappen er viktig når ein skal lagra eit nytt minne, og han brukar sanseopplevingane til å danna minne. Denne delen av hjernen har også ansvaret for å henta igjen minne når vi møter dei same påverkingane på nytt.

2. Analyse

Denne delen av hjernen heiter bakhovudlappen og har ansvaret for å binda bilete og minne saman. Bakhovudlappen behandlar inntrykk ved å analysera former, fargar og rørsler, og han hjelper oss å trekkja konklusjonar ut frå kva vi ser.

3. Kodar

Cerebellum spelar ei viktig rolle når vi skal koda innvikla minne. Det er også denne delen av hjernen vi brukar til å læra rørslene som vi vert betre på ved å øva oss.

4. Minneveljar

Hippocampus bestemmer kva minne som skal vidare frå korttidsminnet til langtidsminnet.

5. Her ligg minne med mykje kjensler

Amygdala er eit område av hjernen som er spesielt viktig for å læra, minnet og korleis vi er rundt andre menneske. Når vi vert påverka av kjensler, er det amygdala som hentar fram minna våre. Minne som er baserte på frykt og fare, er mellom dei vanlegaste minna knytt til dette området. Jo sterkare kjensler vi har rundt eit minne, jo meir sannsynleg er det at det vert henta fram.

6. Her er langtidsminna lagra

Temporallappen spelar ei viktig rolle når langtidsminne vert til, og for behandlinga av ny informasjon. Her vert synlege og munnlege minne danna og lagra.

7. Som å læra å sykla

Når du først har lært å sykla, gløymer du det aldri. Dette er på grunn av basalgangliane. Dette området er ansvarleg for å danna og ta vare på rørsler, som å gå og snakka.

8. Å organisera minne 
Frontallappen og medvitnet oppgåver høyrer saman. I frontallappen ligg også korttidsminnet, og langtidsminne som ikkje er baserte på handling. Desse minna er det frontallappen som hentar fram.

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan minnebanken er satt sammen
Illustrasjon av hvordan minnebanken er satt sammen

Korleis får ein betre minne?

Konsentrer deg

Dersom vi vil flytta informasjon frå korttidsminnet til langtidsminnet, hjelper det å fokusera og ta seg tid til å forstå informasjonen ordentleg.

Få nok søvn

For at hjernen skal klara å samla minne, treng kroppen vår søvn. Nervebanane i hjernen kan verta sterkare medan vi søv, og dermed kan informasjon gå over til meir faste og praktiske område i hjernen. Forsking viser at vi ofte har lettare for å hugsa ting vi lærer rett før vi sovnar.

Prøv meditasjon

Mindfulness har vist seg å betra arbeidsminnet vårt. Det er her ny informasjon vert lagra for ei mindre tid. Dei fleste vaksne menneske kan hugsa rundt sju opplysningar i arbeidsminnet samstundes, men meditasjon kan truleg styrka både arbeidsminnet og gje større kapasitet.

Drikk mindre alkohol

Alkoholinntak har stor verknad på minnet vårt. Folk som drikk ofte, gjer rundt 30 prosent fleire minnefeil i kvardagen enn folk som ikkje drikk. Alkohol hemmar overføringa av minne frå korttidsminnet til langtidsminnet, og reduserer dessutan storleiken på hjernecellene.

Tren jamleg

Det er godt dokumentert at trening er bra for helsa til hjernen, og at jamleg trening minskar risikoen for forstyrringar. Studiar har vist at jamleg fysisk aktivitet stimulerer hjernen til å veksa, og at den delen av hjernen som er viktigast for å danna nye minne, er større hos folk som er flinke til å trena.

Å stimulera hjernen

Når du utfordrar hjernen, styrker du evna til å dela fokuset mellom ulike hjerneoppgåver. Ved å halda oppe evna til å læra ting utanåt, vert nevronsamband i hjernen aktivert. Slik kan du gjera desse sambanda meir effektive.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Illustrasjon av en hjerne med øyne koblet til
Illustrasjon av en hjerne med øyne koblet til

Korleis hugsa ting? 

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Nicholas Forder / Future PLC
    6. Getty Images
    7. NRK Skole