Kva skulle vi gjort utan minnet? 

Dersom vi ikkje kunne hugsa viktige hendingar i livet, ville vi mista kjensla av kven vi er.

Dersom vi mista evna til å lagra informasjon, ville vi ha same intelligens som ein nyfødd baby kvar dag, heile livet.

Minnet vårt har informasjon som vert lagra i hjernen, som hjernen kan henta fram. Han gjer oss i stand til å læra av ting vi opplever, skapa tillit, få oss til å forstå, utvikla eigenskapar gjennom trening og skapa ein tanke.

Bestefar som ser på gamle bilder med barnebarn

Hjernen lagrar like mykje informasjon som du får på Internett. 

Hendingar  som er viktige for oss, ber vi ofte med oss i lang tid. Til dømes vil hendingar som gjev oss sterke kjensler, skapa sterke nervesamband i hjernen.

Hjernen merkar alt gjennom sansane. Dei hendingane som påverkar oss mest, vert først lagra i korttidsminnet. Her vert dei berre lagra i ei kort tid. Nokre ting gløymer vi etter tjue sekund.

Minne som vert henta fram fleire gongar, vert sett på som viktige. Dei vert sterkare for kvar gong vi tenkjer på dei. Ei hending endrar seg bitte litt for kvar gong vi hentar ho fram frå minnet. Dette er årsaka til at minna våre endrar seg i løpet av livet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En digital hjerne

Biologien bak minnet vårt  

Å sansa

Først vil ein registrera omgivnadane og hendingane rundt seg. Det vi ser og høyrer, er det sansane våre som oppfattar.

Frå sanseintrykk til kode

Informasjonen som sansane sender til hjernen, er i utgangspunktet for stor og vanskeleg til at hjernen kan behandla han. Difor vel hjernen ut enkelte informasjonsbitar. Uvanlege hendingar får mykje merksemd, men vanlege ting vert ofte sila ut.

Samansetting

For at desse minna skal verta verande i hjernen, må dei verta samankopla. Ved å setja saman koda opplevingar til eit fast langtidsminne, vert signala mellom cellene i hjernen styrka.

Å lagra minne

Etter at opplevingane har vorte samla til eit minne, må hjernen lagra dei ein stad der han lett kan henta dei fram igjen.

Å henta minne 

Ein kan lagra tusenvis av hendingar som minnebitar, men desse er ubrukelege dersom vi ikkje kan henta dei fram. Dei fleste minna vert aldri brukte, men nokre vert henta fram ved hjelp av spesielle påminnarar. Dette kan til dømes vera ein song eller ei lukt. Når vi tenkjer tilbake på ei spesiell tid, kan vi også henta fram aktuelle minne. Når eit minne først er tatt fram éin gong, er det større moglegheit for at det kan verta henta fram fleire gongar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Tegning på en skole tavle med post it lapper med lyspærer

Aldrande minne 

Kvar enkelt hjerne vil endra seg ulikt med alderen, og nokre få menneske har eit fantastisk minne. Dei fleste av oss hugsar ikkje mykje frå dei første leveåra, men det tyder ikkje at babyar ikkje lagar minne.

Babyar lagrar ting i minnet heile tida. Men etter kvart som hjernen utviklar seg i løpet av barndomen, vil han mista nokre av våre første minne. Dette er fordi hjernen endrar seg, og gjer plass til å lagra meir.

Etter kvart som vi vert eldre, kan enkelte område av hjernen krympa.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Familiebilder hengende på en hvit vegg

Inni minnebanken 

1. Frå sansar til minne

Isselappen er viktig når ein skal lagra eit nytt minne, og han brukar sanseopplevingane til å danna minne. Denne delen av hjernen har også ansvaret for å henta minne når vi møter dei same påverkingane på nytt.

2. Analyse

Denne delen av hjernen heiter bakhovudlappen og har ansvaret for å binda bilete og minne saman.

3. Kodar

Cerebellum spelar ei viktig rolle når vi skal koda innvikla minne. Det er også denne delen av hjernen vi brukar til å læra rørslene som vi vert betre på ved å øva oss.

4. Minneveljar

Hippocampus bestemmer kva minne som skal vidare frå korttidsminnet til langtidsminnet.

5. Her ligg minne med mykje kjensler

Amygdala er eit område av hjernen som er spesielt viktig for å læra, minnet og korleis vi er rundt andre menneske.

6. Her er langtidsminna lagra

Temporallappen spelar ei viktig rolle når langtidsminne vert til, og for behandlinga av nye hendingar som skjer med oss.

7. Som å læra å sykla

Når du først har lært å sykla, gløymer du det aldri. Dette er på grunn av basalgangliane. Dette området er ansvarleg for å danna og ta vare på rørsler, som å gå og snakka.

8. Å organisera minne 
Frontallappen og medvitne oppgåver høyrer saman. I frontallappen ligg også korttidsminnet, og langtidsminne som ikkje er knytte til noko vi gjer. Desse minna er det frontallappen som hentar fram.

Forrige avsnitt

1 / 8

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan minnebanken er satt sammen

Korleis får ein betre minne?

Konsentrer deg

Viss vi vil flytta informasjon frå korttidsminnet til langtidsminnet, hjelper det å fokusera og ta seg tid til å forstå informasjonen ordentleg.

Få nok søvn

For at hjernen skal klara å samla minne, treng kroppen vår søvn. Det viser seg at vi ofte har lettare for å hugsa ting vi lærer rett før vi sovnar.

Prøv meditasjon

Mindfulness har vist seg å betra arbeidsminnet vårt. Det er her ny informasjon vert lagra ei mindre tid. Dei fleste vaksne menneske kan hugsa rundt sju opplysningar i arbeidsminnet samstundes, men meditasjon kan truleg styrka både arbeidsminnet og evna til å hugsa.

Drikk mindre alkohol

Alkoholinntak har stor effekt på minnet vårt. Folk som drikk ofte, gjer rundt 30 prosent fleire minnefeil i kvardagen enn folk som ikkje drikk.

Tren jamleg

Det er godt dokumentert at trening er bra for helsa til hjernen, og at jamleg trening minskar moglegheita for forstyrringar. Dessutan hjelper trening hjernen å veksa.

Å stimulera hjernen

Når du utfordrar hjernen, styrker du evna til å dela fokuset mellom ulike hjerneoppgåver. Hjernetrim kan vera til dømes å læra ting utanåt.

Forrige avsnitt

1 / 6

Neste avsnitt
Illustrasjon av en hjerne med øyne koblet til

Korleis hugsa ting? 

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Nicholas Forder / Future PLC
    6. Getty Images
    7. NRK Skole