Mitt skip er lasta
med appelsinar

I Noreg elskar vi appelsinar, og vi et fleire tonn av dei i påska. I adventstida et vi klementinar som om det var godteri. Sunt for kroppen, ja – men er det sunt for jorda vår?

Containerskip fullastet med appelsiner
Containerskip fullastet med appelsiner

Høgtidsfrukt

Rápido! Rápido! I Spania er det store lager med sitrusfrukter. No må dei bli pakka og sende nordover. Kvart år fraktar ein 37 000 tonn sitrusfrukter til Noreg. Frukta er sunn for kroppen, men å dyrke ho og frakte ho – kor sunt er det for kloden?

Masse mandariner som ligger i sola
Masse mandariner som ligger i sola

Spansk sitrus

Mange av appelsinane og klementinane i dei norske butikkane er frå Spania. Dei har reist nordover med hjelp av store trailerar. Sitrusfrukter som skal bli til juice, kjem frå Brasil og Sør-Afrika. Dei blir frakta med skip. Å ete appelsinar opplever vi som like naturleg som det å ete norske eple. For kva er vel ein påsketur utan appelsin i sekken? Eller ei adventstid utan klementinar?

Appelsintre i sollys ved spansk landsby
Appelsintre i sollys ved spansk landsby

Herleg og sunn

Appelsinen kom til Noreg for første gong på slutten av 1950-tallet. Den gongen var dei fleste appelsinsortane sure. Då hjelpte det å kutte av toppen og stappe ein sukkerbit ned i appelsinen. I dag er appelsinane vi importerer, mykje søtare.

Det norske ordet «appelsin» er henta frå det tyske ordet «apfelsine». Det betyr ‘eple frå Kina’. I Kina er appelsinen sjølve symbolet på rikdom og makt.

Fordi han var så god, blei appelsinen fort veldig populær. Frukta er også veldig sunn. Appelsinen er nemleg stappfull av gode og nyttige vitamin. Desse styrkar immunforsvaret og held oss friske.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mange skiver av appelsin
Mange skiver av appelsin

Populær turmat

Appelsinen er både mat og drikke i eitt. Derfor er han fin som turmat. Frukta har vore ein del av kosten vår berre i cirka 70 år. Likevel kan vi seie at det er «typisk norsk» å ha appelsinen med i sekken. Nesten like typisk som tacofredag med guacamole som viktigaste tilbehøyr. Ingen av delane er eigentleg norske.

I Noreg et vi mest appelsinar i påska. I perioden frå desember til april er dei nemleg ekstra søte. Over halvparten av appelsinane vi et i løpet av eit år, et vi faktisk i påskehøgtida. Dette svarar til omtrent 5000 tonn.

Mange stader i Noreg har fått tilnamn som «Appelsinstaden» eller «Appelsinåsen». Her har heilt sikkert mange stoppa for å ete ein appelsin.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Frakte, dyrke eller byte ut?

For at appelsinen kan bli med oss på tur, må han først fraktast frå Spania. Frå appelsinbyen Álora sør i landet og til Noreg er det 3525 kilometer. Traileren som fraktar appelsinane, brukar 3 til 4 dagar på turen opp til Noreg. 

I Noreg skal vi redusere utsleppa av klimagassar med 50–55 prosent innan 2030. 30 prosent av alle gassutsleppa våre kjem frå transportsektoren. Derfor kan det vere vanskeleg å forsvare importen av appelsinar.

Konteinarskip bidreg også til store utslepp. Den internasjonale skipstrafikken står for 3 prosent av klimagassutsleppa i verda. I dag utviklar ein nye, gassdrivne skip. Mange får eit lågare utslepp. Likevel går dei aller fleste lasteskipa enno på diesel eller tungolje.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En lastebil som kjører i en tunnel
En lastebil som kjører i en tunnel

Konsentrat?

På juicekartongen står det ofte «frå konsentrat». Det betyr at juicen er pressa i utlandet og at vatnet er dampa av. Det som blir igjen – sjølve appelsinsmaken – tek dermed mykje mindre plass når kartongen blir frakta til Noreg. Derfor er appelsinjuice frå konsentrat meir miljøvennleg enn ferskpressa appelsinjuice.

Juice frå konsentrat er dessverre ikkje like sunn. Nokre av næringsstoffa har gått tapt i prosessen. Ferskpressa juice er altså sunnast for deg, men juice frå konsentrat er sunnast for kloden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En jente som drikker et glass juice imens hun scroller på pcen
En jente som drikker et glass juice imens hun scroller på pcen

Ein krevjande plante

Eit av FN sine berekraftsmål er å sikre eit berekraftig forbruks- og produksjonsmønster. Vi må avgrense kjøp av varer som må transporterast langt. Oppfordringa lyder: Et kortreiste matvarer når du kan!

Betyr det av vi må byte ut appelsinen? I så fall med kva? Kan vi kanskje dyrke vår eiga frukt?

Klimaet i Noreg eignar seg ikkje til å dyrke appelsinar. Planten er trass alt frå det tropiske Asia. Vil du hauste dine eigne appelsinar, må du vere veldig tolmodig. Frå du plantar eit appelsintre, til det veks appelsinar på det, kan det ta 8 til 10 år.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
FNs bærekraftsmål nummer 12
FNs bærekraftsmål nummer 12

Sprøyteskrekk

På dei store appelsinplantasjane er frukttrea utsette for skadedyr og sjukdommar. Dyrkinga krev derfor også sprøytemiddel. Dette er giftige, kjemiske stoff som skal ta knekken på skadedyra, men som også har ein negativ effekt på miljøet.

En mann spyler planter med sprøytemiddel
En mann spyler planter med sprøytemiddel

Nordens appelsin

Heldigvis finst det alternativ til appelsinen. Eit eksempel er kålrot. Ho er rik på C-vitamin og inneheld også B12 og folat. Dette stoffet reduserer trøyttleik og utmatting. Kostfiberen er også bra for fordøyinga. Derfor har kålrota fått tilnamnet «Nordens appelsin».

Det finst altså eit godt alternativ til appelsinen. Kålrota er minst like sunn. Men kan ho måle seg med appelsinen på smak?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av kålrot som høstes inn
Bilde av kålrot som høstes inn

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Nasjonalbiblioteket
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images