Språket mitt er sigma!
Kva slags språk snakkar du? Norsk, sjølvsagt, tenkjer du kanskje.
Sjølv om vi snakkar norsk, har vi fleire variantar av språket vårt. Vi har ulike dialektar, og vi snakkar på éin måte med vennene våre og på ein annan måte med familien vår.
Du er ung, og når du og vennene dine snakkar likt, føler de at de høyrer saman. Vi seier at de har eit språkleg fellesskap.

Illustrasjon av en jordklode og mennesker som er på telefon eller pc. De skriver: Sjæl, lol, han reada meg!, omw, backer og slayyy!

Illustrasjon av 4 ungdommer som tekster på telefonen. En av de skriver "Haha ik!", og en skriver "det er sykt"
Språket forandrar seg
Nokre vaksne meiner at ungdomsspråket øydelegg det norske språket. At det truar det gamle språket og dialektane våre. Andre synest ungdomsspråket er kreativt og bra for utviklinga av språket vårt.
Uansett har språket vårt alltid forandra seg. Vi snakkar ikkje norrønt slik vi gjorde for 1000 år sidan, og i dag brukar vi språket på nye måtar.

Illustrasjon av en debatt mellom en mann og en jente. Mannen sier "Du må snakke ordentlig norsk", og jenta sier "Bro, språket mitt er slay"
Ord til låns!
Kvar kjem alle orda i ungdomsspråket frå? Mange av dei låner vi frå andre språk.
I dag lever vi i ei verd der vi reiser, handlar og snakkar med kvarandre på tvers av landegrensene. Vi ser engelske seriar på TV, følgjer utanlandske kjendisar på TikTok og gamar med folk frå heile verda.


Illustrasjon av en jente som sier "Jeg må endre mindset" til venninnen sin.
Banning
Banning er ein del av ungdomsspråket. Vi bannar ofte for å uttrykkje sterke kjensler. Til dømes når mamma er j***** teit, eller du trakkar på den j-en**** legoklossen veslesøster gløymde å rydde opp.
Nokre gonger bruker vi banneord for å vise at vi er tøffe eller at vi er ein del av vennegjengen. Andre ord brukar vi for å fortelje at noko er skikkeleg bra. Du veit. Som når jentegjengen ser på kvarandre og seier «slaaaay».

Blank Word-bakgrunn med snakkebobler som sier stygge ord med symboler
Ungdomsspråk – bra eller dårleg?
Ungdomsspråk viser kven vi er og kven vi høyrer til. Om ungdomsspråk er bra eller dårleg, speler kanskje ikkje så stor rolle. Ein ting er sikkert: Så lenge det finst ungdom, finst det ungdomsspråk.
At ungdom lagar sitt eige språk, er ikkje noko nytt. Spør bestefar om han er «slapp i kloa» eller «eit ålehue». Han hadde kanskje sitt eige ungdomsspråk. Kanskje bestefar er sigma?

Illustrasjon av en bestefar og en gutt som snakker sammen. I gutten sin snakkeboble står det "et ålehue!" og i bestefaren sin står det "jøssenam på trappa, hvor har du lært de uttrykkene der?"
Kjelder:
- NRK (05.10.2022): «Skam» fikk språkpris
«Skam» fikk språkpris – NRK Kultur og underholdning
- NRK Kultur og underholdning (05.10.2022): Jeg bruker flere ord foreldrene mine ikke forstår
– Jeg bruker flere ord som foreldrene mine ikke forstår – NRK Kultur og underholdning
- Store norske leksikon (05.10.2022): Banning
banning – Store norske leksikon (snl.no)
- Hausund, Ingrid Kristine:
Ungdomsspråk (2006)
Fagbokforlaget
Bilde- og videorettar:
-
-
Adobe Stock
-
Adobe Stock
-
Adobe Stock
-
Getty Images
-
Skolerom
-
Foreningen Norden – Flickr
-
Adobe Stock
-
Adobe Stock
-
Skolerom
-
Adobe Stock
-