Modernisme: Støyande, forvridd, flaut og ubetydeleg?

«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den …» Slik innleiar forfattaren Knut Hamsun den aller første modernistiske romanen i norsk litteratur.

Accessibility icon Modernisme: Støyande, forvridd, flaut og ubetydeleg?

Sult

Med romanen «Sult» gjekk startskotet for det vi kallar den modernistiske tradisjonen. «Sult» handlar om ein namnlaus skribent. Eg-personen er fattig og strevar med tilværet både fysisk og psykisk. Tittelen «Sult» kan referere både til den fysiske svolten hovudkarakteren kjenner på, og til ei form for eksistensiell svolt, at ein manglar noko ein lengtar etter, men ikkje får tak i.

Frognerveien, Kristiania
Frognerveien, Kristiania

Store endringar i samfunnet

Romanen «Sult» var banebrytande då han kom ut i 1890, både nasjonalt og internasjonalt. Litteraturen speglar ofte samfunnet, og det var massive endringar i Noreg på slutten av 1800-talet. Ei omfattande industrialisering og demokratisering endra drastisk befolkninga sin måte å leve på. Mange modernistiske forfattarar skildrar enkeltindivid som kjenner på at livet er tomt og framand, og som kjenner angst og avstand til miljøet dei lever i.

I Store norske leksikon blir den modernistiske litteraturen omtalt slik: «Den viktigste modernistiske litteraturen fremstod ofte sjokkerende, ubegripelig, støyende og forvridd. Jakten på en ny virkelighetsnærhet gjør at litteraturens form gjennomgår ulike former for oppløsning av handling, personskildring, fortellerperspektiv og tematikk.» Modernistane braut altså med den etablerte litterære tradisjonen med sin eksperimentelle måte å skrive på.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk

Modernisme i lyrikken – meiningslaust snikksnakk

Modernismen fekk fotfeste i lyrikken òg. Etter den andre verdskrigen kom det meir og meir lyrikk med modernistisk preg. Dette skapte veldige reaksjonar i diktarmiljøet i Noreg. Den kjende tradisjonalistiske diktaren Arnulf Øverland var den aller mest kritiske røysta og sa blant anna at dei modernistiske lyrikarane skreiv «meiningslaust kladd, rabbel og snikksnakk».

📷   Arnulf Øverland / Nasjonalbiblioteket

Øverland heldt blant anna eit foredrag der han retta sterk kritikk mot den modernistiske måten å dikte på. «Ja, så satt de der og strevde, og fikk det ikke til. Det de skrev, ble så flaut og ubetydelig. De strøk det ut og prøvde å få sagt det på en original måte; men da ble det meningsløst. Hva skulle de gjøre? De måtte dikte, for de var jo diktere! Situasjonen var desperat.»

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Arnulf Øverland med en spade i hånden og en hund ved siden av seg, stående foran en låve.
Arnulf Øverland med en spade i hånden og en hund ved siden av seg, stående foran en låve.

Tungetaledebatten

Foredraget til Øverland blir innleiinga til det som seinare blir omtalt som tungetaledebatten. Tungetale er eit omgrep ein bruker i religiøse miljø. Det er ei form for tale eller bøn der personen som talar, snakkar på ein måte som andre ikkje kan forstå.

Øverland meinte tydelegvis at den modernistiske diktinga var heilt uforståeleg. Han meinte at dikt heilt klart skulle ha ei fast form, rim og rytme. Ein skulle ikkje gjette seg til meininga med diktet. Det skulle ha samanheng og ein tydeleg bodskap. Det var mange som var einige med Øverland, blant andre den kjende lyrikaren André Bjerke. Lyrikarane Erling Christie og Paal Brekke talte Øverland imot.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

La dei halde på

«La de unge holde på inntil de selv oppdager at det kan være en fordel å skrive slik at publikum forstår.» Vel, Øverland fekk rett i at dei unge heldt på. Men at dei innsåg at den tradisjonalistiske diktinga var betre, skjedde ikkje. Trass i motstand og sterk kritikk kom det nemleg meir og meir modernistisk lyrikk på midten av 1900-talet. På sekstitalet var den modernistiske diktinga godt etablert i Noreg.

📷   Portrett av lyrikeren Paal Brekke / Offentlig eiendom

 

Portrett av Paal Brekke med en sigarett i hånden og bokhyller i bakgrunnen

Som i ein kinosal

Paal Brekke, som var ein forkjempar for den modernistiske diktinga, skreiv blant anna det kjente diktet «Som i en kinosal». Under kan du lese eit utdrag:

Hysj! Så ut med Dem
på hodet gjennom døren,
ut
men bare inn i en kinosal,
nøyaktig
maken, og den samme filmen
Kjører de den forlengs eller baklengs
Hysj. Og kontrolløren og det hele om
igjen, opp trappene ut igjen,
men alltid bare inn igjen

Paal Brekke, Det skjeve smil i rosa, 1965

Dette diktet er modernistisk på fleire plan.

  • For det første har det eit moderne oppsett, utan mønster eller rim. Det er ei rekkje brot og ulogisk teiknsetjing. Kanskje for å understreke den forvirringa det lyriske eg-et opplever?
  • For det andre er tematikken modernistisk. Det skildrar eit forvirra og framandgjort individ som plutseleg er i en kinosal utan å forstå korkje kvifor han er der, kva han skal sjå, eller korleis han skal komme seg ut. Det heile blir opplevd som ein evig runddans der personen ikkje har makt til å komme seg ut.

Ein kan tolke diktet på fleire måtar. Kanskje handlar det først og fremst om å kjenne seg framand i eit samfunn som heile tida er i endring?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Publikum som ser mot et lerret i en kinosal fra 1935
Publikum som ser mot et lerret i en kinosal fra 1935

1890 versus 2023

Du kan sikkert kjenne deg igjen i å vere ein del av eit samfunn som heile tida er i endring. I dag lever ungdom store delar av livet sitt gjennom internett og sosiale plattformer. Vi i Noreg bur i et velferdssamfunn med gode som gratis skule og helsevesen. Vi reiser jorda rundt og lever i eit multikulturelt samfunn. Vi kjenner oss nakne utan smarttelefonen, og kunstig intelligens kan gi oss svaret på det aller meste. Trur vi.

📷   Portrett av Sigbjørn Obstfelder / Nasjonalbiblioteket

Likevel er det mange som føler på den same framandkjensla, tomheita og uroa som modernistane skildra i litteraturen. Kan hende er den modernistiske diktinga framleis aktuell. Kanskje kan du kjenne deg igjen i den kjende modernisten Sigbjørn Obsfelders dikt «Jeg ser», trass i at det blei skrive for over 100 år sidan?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Sigbjørn Obstfelder
Portrett av Sigbjørn Obstfelder

Jeg ser

Jeg ser på den hvide himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.

Dette er altså verden.
Dette er altså klodernes hjem.

En regndråbe!

Jeg ser på de høie huse,
jeg ser på de tusende vinduer,
jeg ser på det fjerne kirketårn.

Dette er altså jorden.
Dette er altså menneskenes hjem.

De gråblå skyer samler seg. Solen blev borte.

Jeg ser på de velklædte herrer,
jeg ser på de smilende damer,
jeg ser på de ludende hester.

Hvor de gråblå skyer blir tunge.

Jeg ser, jeg ser …
Jeg er vist kommet på en feil klode!
Her er så underligt …

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Regndråper på et vindu med sol, skyer og himmel i bakgrunnen
Regndråper på et vindu med sol, skyer og himmel i bakgrunnen

Kjelder:

  • Undheim, Inga Henriette: Sult i Store norske leksikon på snl.no.
    Hentet 11. september 2023 fra https://snl.no/Sult
  • Øverland, Arnulf : Tungetale fra Parnasset (1953)

Bilde- og videorettar:

    1. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    2. Getty Images
    3. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    4. Getty Images
    5. Offentleg eigedom / Nasjonalbiblioteket
    6. Getty Images
    7. Nasjonalbiblioteket / Flickr: Portrett av Sigbjørn Obstfelder, 1900 (CC BY 2.0)
    8. Getty Images