Forteljarar skapte mytar

Det å fortelje kvarandre historier har vi gjort sidan mennesket utvikla språket. Rundt leirbålet delte dei første menneska erfaringar og kunnskap. Med tida kom behovet for å fantasere, underhalde og skremme.

Historiene vart ofte brukte til å forklare naturfenomen og store mysterium. Etter kvart som historiene spreidde seg, endra dei seg og voks.

Ofte vart historiene rarare og skumlare enn røyndommen når dei vart formidla vidare. For dei som høyrde desse historiene for første gong, vart dei nok oppfatta som fakta. Men det dei høyrde, var gjerne ein myte

Viss du har vore med på kviskreleiken, veit du at ei setning, eller eit ord, kan forandre seg mykje frå første til siste person. Kvar og ein av oss høyrer, misoppfattar og tolkar.

Det er ikkje så rart at ei historie kan utvikle seg over lang tid og over landegrenser. Vi har evna til å overdrive slik at ting blir meir spennande enn dei eigentleg er.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Huleboere rundt leirbålet
Huleboere rundt leirbålet

Frå leirbål til film

Alle kulturar har dei mytiske forteljingane sine. Grekarane skreiv om minotaurar i labyrintar, og om sirener som lokka sjøfolk i døden. Vikingane fortalde historier om troll og sjøormar. Sjøfolk var livredde for kraken.

Mytiske dyr og monster blir ofte brukte i filmar. Ikkje minst vampyrar, varulvar, drakar, einhjørninger og kjemper. Berre tenk på fantasy-suksessene «Harry Potter», «Ringdrotten (Lord of the Rings)» og «Game of Thrones».

Det er likevel éin stor forskjell: I dag veit vi at dette er rein fantasi.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Enhjørning
Enhjørning

Kraken

Kraken likna ein blekksprut med lange tentaklar (armar). Han krølla tentaklane sine rundt eit skip, knuste det i bitar og svelgde heile mannskapet i ein jafs. Kraken var frykta av sjøfolk, og han dukka først opp i nordiske tekstar rundt år 1180.

For dei første sjøfararane var havet mystisk og farleg. Dei skapte historier ofte på grunn av frykt. Noko som dermed skapte sjømonster.

Kentaur

Kentaurar er vesen med halv menneskekropp og halv hestekropp. Myten om kentauren oppstod sannsynlegvis då ridande soldatar angreip folkeslag som ikkje hadde sett hestar.

Det må ha vore eit sjokk for folk å bli angripne av eit ukjent dyr. Dei må ha blanda synet av hest og ryttar saman til eit halvmenneskeleg monster.

Kentaur

Varulv

Nokre vart totalt forvandla til ulv, medan andre var ei blanding av ulv og menneske. I nokre forteljingar blir menn omdanna til ulvar som straff for kriminelle handlingar. Andre vart forheksa.

Mennesket har nok alltid frykta ulven fordi han er eit rovdyr. For å forklare korleis menneske kunne få seg til å drepe andre, vart dei ofte sedde på som monster. Opprivne, blodige klede frå offera var også med på å fyre opp under myten om den menneskelege ulven.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vampyr

Myten om vampyrar har eksistert i fleire tusen år. Det var menneske som jakta på andre for å drikke blod. Vampyrane hadde ofte sjølve vorte bitne av flaggermus.
Trua på vampyrar auka på 1700-talet. Det førte til at lika deira vart nagla fast med ein jernstake gjennom hjartet. Dette skulle hindre dei i å stå opp frå grava.

Myten om korleis vampyrane såg ut, kan ha samanheng med blodsjukdommen porfyri. Fleire med denne sjukdommen var bleike og redde for sollys. Tannkjøtet trekte seg tilbake og blottla hjørnetennene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vampyr
Vampyr

Mytiske beist frå alle kontinent

CHUPACABRA | AMERIKA

 

Chupacabra betyr «geitesugar» på spansk. Han har fått namnet sitt fordi han drikk blod frå geiter.

YKUR | EUROPA

Ykur er ein grå hest frå Island. Viss du rir på han, vil han prøve å drukne deg. Hovane vender feil veg, og dermed skil han seg frå ein vanleg hest.

ADZE | AFRIKA

Denne afrikanske vampyren tar seg inn i hus og syg blod frå menneske og dyr.

MANTICHORA | ASIA

Dette er ein sfinks med menneskehovud, løvekropp og skorpionhale. Han sluker byttet sitt heilt, og han har tre rader med tenner.

BUNYIP | AUSTRALIA

Dette monsteret luskar rundt i sumpar og elvar. Det er mange ulike skildringar av dette beistet. Mellom anna liknar det ei kjempestor sjøstjerne.

Men kva med kontinentet Antarktika? Finnes det nokon mytiske monster her?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Chupacabra
Chupacabra

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen historie og vitenskap (2021)
    Orage Forlag AS

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images