Forteljarar skapte mytar

Så lenge menneske har hatt språk, har vi fortalt kvarandre historier. Ofte skjedde det rundt leirbålet. Der delte ein erfaringar og kunnskap. Med tida kom behovet for å underhalde og skremme.

Historiene vart ofte brukte til å forklare ting i naturen og store mysterium. Etter kvart som historiene spreidde seg, forandra dei seg.

Ofte vart historiene rarare og skumlare enn røyndommen når dei vart fortalde vidare. Dei som høyrde historiene for første gong, trudde nok at det var fakta. Men det dei høyrde, var ofte ein myte, som er ei fantasiforteljing.

Viss du har vore med på kviskreleiken, veit du at ei setning eller eit ord kan forandre seg mykje frå første til siste person. Kvar og ein av oss høyrer litt forskjellig.

Det er ikkje så rart at ei historie kan forandre seg over lang tid. Vi har òg evna til å overdrive slik at ting blir meir spennande enn dei eigentleg er.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Huleboere rundt leirbålet
Huleboere rundt leirbålet

Frå leirbål til film

Alle land har mytiske forteljingar. I Hellas har dei historiene om minotauros som var halvt menneske og halvt okse. Vikingane fortalde historier om troll og sjøormar. Sjøfolk skapte historier om kraken.

Mytiske dyr og monster blir ofte brukte i filmar og seriar. Ikkje minst vampyrar, varulvar, drakar, einhjørningar og kjemper. Berre tenk på fantasy-suksessene “Harry Potter”, “Lord of the Rings” og “Game of Thrones”.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Enhjørning
Enhjørning

Kraken

Kraken likna ein kjempestor blekksprut med lange tentaklar (armar). Han kunne knuse seglskip og svelgje heile mannskapet i ein jafs. Kraken var frykta av sjøfolk på alle hav. Havet var noko skummelt, og ingen visste heilt kva som levde under overflata.

Kentaur

Kentaurar er vesen med halv menneskekropp og halv hestekropp. Myten om kentauren vart nok skapt då ridande soldatar angreip folkeslag som aldri hadde sett hestar. Dei må ha blanda synet av hest og ryttar saman til eit monster.

Kentaur

Varulv

Mytane om varulven varierer. Nokre vart totalt forvandla til ulv, medan andre var ei blanding av ulv og menneske. Nokre vart omdanna til ulvar som straff for kriminelle handlingar. Andre vart forheksa.

Mennesket har nok alltid frykta ulven fordi han er eit rovdyr. Dei som drap andre menneske, vart ofte sette på som monster. Derfor var det lett å tru at mordarar var blodtørstige ulvar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vampyr

Vampyrar var menneske som hadde vortne bitne av flaggermus. Vampyrar jakta på andre menneske for å drikke blod.

Myten om vampyrar har eksistert i fleire tusen år. Men trua på vampyrar auka på 1700-talet. Då vart vampyrane ofte nagla fast med ein jernstake gjennom hjartet etter at dei døydde. Dette skulle hindre dei i å stå opp frå grava.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vampyr
Vampyr

Mytiske beist frå alle kontinent

CHUPACABRA | AMERIKA

 

Chupacabra betyr «geitesugar» på spansk. Han har fått namnet sitt fordi han drikk blod frå geiter.

YKUR | EUROPA

Ykur er ein grå hest frå Island. Viss du rir på han, vil han prøve å drukne deg. Hovane vender feil veg. Slik skil han seg frå ein vanleg hest.

ADZE | AFRIKA

Denne afrikanske vampyren tek seg inn i hus og syg blod frå menneske og dyr.

MANTICHORA | ASIA

Dette er eit vesen med menneskehovud, løvekropp og skorpionhale. Det sluker byttet sitt heilt, og det har tre rader med tenner.

BUNYIP | AUSTRALIA

Dette monsteret luskar rundt i sumpar og elvar. Det er mange ulike skildringar av dette beistet. Mellom anna liknar det ei kjempestor sjøstjerne.

Men kva med kontinentet Antarktika? Finnes det nokon mytiske monster her?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Chupacabra
Chupacabra

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen historie og vitenskap (2021)
    Orage Forlag AS

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images