Forteljarar skapte mytar

Det å fortelje kvarandre historier har vi gjort sidan mennesket utvikla språket. Rundt leirbålet delte dei første menneska erfaringar og kunnskap. Med tida kom behovet for å fantasere, underhalde og skremme.

Historiene vart brukte til å bli kjende med andre menneske og kulturar, eller til å forklare naturfenomen og store mysterium. Etter kvart som historiene spreidde seg, endra dei seg og voks.

Ofte blei dei rarare og skumlare enn røyndommen når dei vart formidla vidare. For dei som høyrde desse historiene for første gong, kan dei derimot ha vorte oppfatta som fakta. Men det dei høyrde, var ofte ein myte.

Viss du har du vore med på kviskreleiken, veit du at ei setning eller eit ord kan forandre seg mykje frå første til siste person. Kvar og ein av oss høyrer, misoppfattar og tolkar.

Det er ikkje så rart at ei historie kan utvikle seg over lang tid og over landegrenser. Vi har òg evna til å overdrive slik at ting blir meir spennande enn dei eigentleg er. Det er eit uttrykk som heiter at ei fjør kan bli til fem høns.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Huleboere rundt leirbålet
Huleboere rundt leirbålet

Frå leirbål til film

Alle kulturar har mytiske forteljingar. Grekarane skreiv om minotaurar i labyrintar, og om sirener som lokka sjøfolk i døden. Vikingane fortalde historier om troll og alvar medan dei drakk mjød. Sjøfolk var livredde for kraken og andre sjømonster.

Mytiske dyr og monster blir brukte mykje i dagens filmindustri. Ikkje minst vampyrar, varulvar, drakar, einhjørninger og kjemper. Berre tenk på fantasy-suksessane «Harry Potter», «Ringdrotten (Lord of the Rings)» og «Game of Thrones».

Det er likevel éin stor forskjell: I dag veit vi at dette er rein fantasi.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Enhjørning
Enhjørning

Kraken

Kraken krølla tentaklane sine rundt eit skip, knuste det i bitar og svelgde heile mannskapet i ein jafs. Kraken var frykta av sjøfolk, og han dukka først opp i nordiske tekstar rundt år 1180. Sjøfolka fortalde historia i kvar hamn, og snart var beistet frykta på fleire verdshav.

For dei første sjøfararane var det ukjende havet ei kjelde til mystikk. Sjøfolka hadde mest sannsynleg sett ein kjempeblekksprut, og dei utbroderte forteljinga med hjelp av frykt. Noko som igjen skapte eit monster.

Kentaur

Kentaurar er vesen i gresk mytologi med halv menneskekropp og halv hestekropp. Hestar vart først tamde for rundt 8000 år sidan. Ein trur at myten om kentauren baserer seg på ridande soldatar som angreip kulturar som ikkje hadde sett hestar.

Det må ha vore eit sjokk for folk å bli angripne av eit ukjent dyr. Dei må ha blanda synet av hest og ryttar saman til eit halvmenneskeleg monster.

Kentaur

Varulv

Mytane om varulven varierer. Nokre var totalt forvandla til ulv, medan andre var ei blanding av ulv og menneske. I nokre forteljingar blir menn omdanna til ulvar som straff for kriminelle handlingar. Andre vart forheksa, men kunne bli seg sjølve igjen så lenge dei ikkje åt for mykje menneskekjøt.

Mennesket har nok alltid frykta ulven fordi han er eit rovdyr. Mange varulvangrep i mellomalderen kom frå seriemordarar eller kannibalar. Det var lettare å akseptere slike umenneskelege angrep dersom mordarane vart sett på som monster. Opprivne, blodige klede frå offera var også med på å fyre opp under myten om den menneskelege ulven.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vampyr

Nesten alle kulturar har si eiga historie om ein demon eller ei ånd som fortærer blodet eller kjøtet til dei levande. Myten om desse vampyrane har eksistert i fleire tusen år. Men den bleike, solredde blodsugaren vi ser på film i dag, dukka ikkje opp før på 1700-talet.

Trua på vampyrar auka på denne tida, og det førte til at lika deira vart nagla fast med ein jernstake gjennom hjartet. Dette skulle hindre dei i å stå opp frå grava.

Myten om korleis vampyrane såg ut, kan ha samanheng med blodsjukdommen porfyri. Fleire med denne sjukdommen var redde for sollys, og tannkjøtet trekte seg tilbake og blottla hjørnetennene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vampyr
Vampyr

Mytiske beist frå alle kontinent

CHUPACABRA | AMERIKA

 

Chupacabra betyr «geitesugar» på spansk. Han har fått navnet sitt fordi han drikk blod frå geiter. Han skal ha blitt sett i Puerto Rico i 1995.

YKUR | EUROPA

Ein majestetisk, grå hest frå Island. Viss du rir på han, vil han prøve å drukne deg. Hovane vender feil veg, og dermed skil han seg frå ein vanleg hest.

ADZE | AFRIKA

Denne afrikanske vampyren har form av ei eldfluge og tek seg inn i hus og syg blod.

MANTICHORA | ASIA

Dette er ein sfinks med menneskehovud, løvekropp og skorpionhale. Han et byttet sitt heilt, og han har tre rader med tenner.

BUNYIP | AUSTRALIA

Dette monsteret skal visstnok luske i sumpar, elvar og andre vassmassar. Det er mange ulike skildringar av dette beistet. Mellom anna liknar det ei kjempesjøstjerne.

Men kva med kontinentet Antarktika? Finst det nokon mytiske monster her?

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Chupacabra
Chupacabra

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen historie og vitenskap (2021)
    Orage Forlag AS

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images