Når draumevegen tar ein sving

Når du skal søkje vidaregåande skule, kan du i teorien velje mellom mange spennande utdanningsprogram. Men i praksis er det ikkje alltid så enkelt. Du må setje opp tre val i prioritert rekkefølgje for Vg1, og du har rett til å få plass på eitt av dei. Likevel er det ikkje garantert at du kjem inn på førstevalet.

Nokre gonger må du justere planane dine. Det kan kjennest skuffande i starten, men det kan òg gi nye moglegheiter. Dette er ein sjanse til å lære å tilpasse deg og tenkje kreativt om framtida di.

Finn nye vegar til målet

Sjølv om du ikkje kjem inn på førstevalet ditt, betyr det ikkje at draumen er umogleg. Mange skular har fag som kan føre deg nærare målet ditt, sjølv om programmet er litt annleis.

Viss skulen med draumeprogrammet ditt er for langt unna og du ikkje vil flytte, finst det andre løysingar.

Til dømes, viss du vil studere drama, men skulen din ikkje tilbyr det, kan du velje fag som litteratur, design eller mediefag. Desse kan framleis utvikle dei kreative ferdigheitene dine.

Gå på annen skule

Nokre elevar må gå på ein annan skule enn vennene sine, kanskje reise lenger eller flytte på hybel.

Det kan kjennast skummelt, spesielt viss det er første gong du bur borte. Men det kan òg vere ei spennande oppleving! Du blir meir sjølvstendig og får nye venner.

Positive sider ved nye situasjonar

  • Oppdage nye ting: Når du går på ein skule med eit anna studieprogram, kan du oppdage fag eller yrke du aldri har høyrt om. Mange finn nye ting dei brenn for.
  • Bli meir fleksibel: Det å tilpasse seg nye situasjonar er ei viktig ferdigheit i livet. Det hjelper deg å takle uventa ting.
  • Bli meir sjølvstendig: Når du må takle nye utfordringar, lærer du mykje om deg sjølv. Dette er nyttig heile livet.
  • Få nye venner: Å vere på ein skule der du ikkje kjenner nokon, gir deg sjansen til å møte nye folk og danne nye vennskap. Dette kan gjere skuledagane meir spennande.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis takle det når ting ikkje går som planlagt?

  • Utforsk faga dine: Sjekk kva slags fag skulen tilbyr. Du kan finne fag som hjelper deg nærmare det du er interessert i.
  • Snakk med nokon som kan hjelpe: Rådgivarar og lærarar kan gi deg råd om korleis du kan nå måla dine med dei faga skulen tilbyr.
  • Hald motivasjonen oppe: Sjølv om du ikkje får studere akkurat det du ønskjer no, er all utdanning nyttig. Kvart fag gir deg kunnskap du har bruk for seinare.
  • Bli med på aktivitetar: Bli med på aktiviteter på skulen din. Det gjer skuledagane meir morosame, og du lærer nye ting.
  • Ver open for noko nytt: Det er lettare å tilpasse seg viss du vågar å prøve nye ting.

Sjølv om ting ikkje startar som du ønskte, er det mange måtar å nå måla dine på. Når du er open og aktiv, kan du finne nye vegar som kan leie til nye draumar du ikkje veit om i dag.

Les meir om å søkje vidaregåande på vilbli.no, utdanning.no og vigo.no.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt