Når draumevegen tar ein sving!

I teorien kan du velje fritt blant mange spennande utdanningsprogram når du søkjer vidaregåande skule. Men i praksis er det ikkje alltid så enkelt. Når du skal søkje, må du velje tre utdanningsprogram i prioritert rekkefølgje på Vg1. Du har rett til å få plass på eitt av desse, men det er ikkje  sjølvsagt at du kjem inn på førstevalet.

Nokre gonger må du faktisk tenkje nytt om planane dine for framtida. Sjølv om det kan kjennast litt skuffande først, opnar det òg for nye moglegheiter. Dette kan vere ein sjanse til å lære korleis du tilpassar deg og tenkjer kreativt om din eiga framtid.

Finn nye vegar til målet

Sjølv om du ikkje begynner på førstevalet på vidaregåande, betyr ikkje det at draumen din er utanfor rekkjevidde. Mange skular tilbyr ei rekkje fag som kan leie deg nærmare interessene eller draumekarrieren din, sjølv om det ikkje er heilt det same programmet.

Viss den skulen som har det utdanningsprogrammet du eigentleg ønskjer deg, er for langt unna, og du ikkje ønskjer å flytte, kan du òg vurdere andre alternativ.

Til dømes, viss du er interessert i drama, men endar opp på ein skule utan dette utdanningsprogrammet, kan du framleis velje fag som litteratur, design eller mediefag som valfag. Alle desse faga kan styrkje den kreative forståinga di og ferdigheitene dine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!