Når kjøleskapet snakkar med brødristaren

Det er blitt vanleg å putte teknologi og kommunikasjonseiningar i «vanlege» ting som kjøleskap, lyspærer eller panelovmnar. Vi kan snart styre alt med ein app på mobilen, men tinga kan òg kommunisere med kvarandre! Korleis trur du kvardagen blir viss kjøleskapet plutseleg kan snakke med brødristaren?

Moderne teknologi

Rundt deg heime har du truleg mange ting som er fulle av moderne teknologi. Kanskje har du musikkanlegg som startar ved at du seier eit kodeord, eller lys som blir tent via ein app?

Vi er komne dit at det meste kan bli styrt frå ein app. Bilar har blitt sjølvkøyrande. Du treng ikkje nøkkel for å låse døra heime. Ein kan varme opp hytta via ein app. Blir vi for avhengige av slike tekniske duppedittar, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen

Når alt er samankopla

Den moderne verda rundt oss er samankopla. Ledningar, kablar og satellittar gjer at kommunikasjon og informasjon flyt mellom oss. Men tenkjer du nokre gonger over kor samankopla vi er lokalt òg?

Satellittbilde av jorden om natten

Smarte einingar

Ei smartklokke kan fortelje mobilen kor mange skritt du har gått. Dette blir registrert i ein app som òg kan fortelje kor mykje energi som har blitt brukt. Slike einingar blir gjerne kalla «smarte einingar».

Tinga sitt internett

«Tinga sitt internett», eller «Internet of Things» (IoT), er nettverket av gjenstandar med elektronikk som gjer dei i stand til å dele informasjon med kvarandre. Ofte brukar dei forskjellige sensorar for å registrere informasjon. Til dømes eit kjøleskap som sender deg varsel når det begynner å bli tomt for mjølk.

Mange av desse einingane brukar plattformer som Amazon Echo, Google Home eller Apple HomePod. Slik kan ein be Alexa, Google Assistant eller Siri om å skru på lyset, setje på musikk eller senke temperaturen på soverommet. På denne måten kan ein lage «smarte hus» der det meste blir styrt av appar og brytarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap

Smart helse

Innan helse ser ein òg behov for smarte einingar. Personar som har vanskeleg for å bevege seg, kan få mykje hjelp med stemmestyrte eller app-styrte einingar.

«Medisinske ting sitt internett» består av einingar med sensorar som gjer at ein kan overvake alt frå blodsukker til blodtrykk. Informasjonen er tilgjengelig via ein app eller anna programvare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.

Kan avlaste helsepersonell?

Det finst medisinske apparat som kan løyse arbeidsoppgåver utan menneskeleg innblanding. Dette kan vere med på å avlaste helsepersonell. Teknologi kan gjere at helsepersonell får meir tid til pasientane sine.

Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr
Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr

Smarte køyretøy?

Smarte einingar i lastebilar eller andre køyretøy deler informasjon om vêr, føre og trafikk med kvarandre. Bilen kan til  dømes sende informasjon om at det er lite trykk i dekka til ein app på telefonen til eigaren. Stadig fleire køyretøy blir sjølvkøyrande. Sensorar og kunstig intelligens kontrollerer køyringa.

Fordelane kan vere mange med smarte køyretøy. Delinga av informasjon mellom dei ulike delane på bilen kan forhindre trafikkulykker. Med sensorar som overvaker køyretøyet, vil ein òg lettare og raskare kunne få beskjed viss noko er gale.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen

Sjølvkøyrande køyretøy

Ved sjølvkøyrande køyretøy fjernar ein eit element som ofte er rota til ulykker, nemleg det menneskelege elementet. Ei datamaskin vil alltid reagere raskare enn kva eit menneske kan. Med tilgang til data og posisjon, både frå omgivnadene, eige køyretøy og andre einingar i nærleiken, kan sjølvkøyrande køyretøy på sikt bli ein meir sikker måte å ferdast på enn i dag.

Familie som krangler på biltur
Familie som krangler på biltur

Smarte byar

Ved hjelp av sensorar og smarte einingar kan ein skape ein «smart by». Då kan sensorane hente inn og analysere data om til dømes trafikk, luftforureining, energibruk eller kriminalitet.

Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.
Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.

SCOOT

Eit døme på ein by der dei har teke i bruk denne typen teknologi, er London. Dei bruker eit system kjent som SCOOT (Split Cycle and Offset Optimisation Technique) for å styre trafikken. Informasjon frå sensorar langs vegane blir henta inn og analysert, for så å styre trafikklysa i ulike område. Slik sørgjer dei for at trafikken går betre enn med trafikklys styrt av timarar. Med det siste kan det hende du får raudt lys sjølv om det ikkje er ein bil i nærleiken.

Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk
Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk

Fanga eller frigjort?

I løpet av ein vanleg dag går du kanskje forbi hundrevis av smarte einingar og sensorar. Bilar merkar at ein går nær dei på grunn av rørslesensorar. Personar kan få jamlege oppdateringar om blodsukkeret sitt. Er vi fanga av alle desse tinga? Blir vi for avhengige av dei? Eller gjer all denne teknologien oss meir frigjorte og trygge?

Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.
Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.

Vanskeleg å unngå smarte einingar

Tinga sitt internett aukar meir og meir, og det er vanskeleg å unngå smarte einingar. Slike einingar kan vere livreddande, men dei kan òg misbrukast.

Helseapp på mobiltelefonen.
Helseapp på mobiltelefonen.
Problemstilling 1:

Kor mykje informasjon om oss sjølve bør vi gi frå oss, for å gjere livet litt enklare?

Problemstilling 2:

Kva kan andre gjere med denne informasjonen, og kva skjer når desse einingane blir hacka?

Problemstilling 3:

Er det andre problemstillingar som dukkar opp når liva våre blir styrte av smarte einingar?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Folkemengde på en åpen plass over binærtall
Folkemengde på en åpen plass over binærtall

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

1. Getty Images
2. NASA
3. Getty Images
4. Getty Images
5. Getty Images
6. Getty Images
7. Unsplash
8. Getty Images
9. Getty Images
10. Getty Images
11. Getty Images
12. Getty Images
13. Getty Images