Når kjøleskapet snakkar med brødristaren

Det har vorte vanleg å putte teknologi og kommunikasjonseiningar i «vanlege» ting som kjøleskap, lyspærer eller panelomnar. Vi kan snart styre alt med ein app på mobilen, men tinga kan òg kommunisere med kvarandre! Korleis trur du kvardagen blir viss kjøleskapet plutseleg kan snakke med brødristaren?

Moderne teknologi

Heime hos deg har du sikkert mange ting som er fulle av moderne teknologi. Kanskje du har eit musikkanlegg som startar når du seier eit kodeord, eller lys som blir tent via ein app?

Det meste kan snart styrast av ein app. Ein bil kan køyre av seg sjølv, og du kan låse opp døra heime utan nøkkel. Blir vi for avhengige av slike tekniske duppedittar, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen

Når alt er samankopla

Leidningar, kablar og satellittar gjer at vi kan kommunisere med heile verda. Men vi er ganske samankopla lokalt òg. På kva slags måte, trur du? 

Satellittbilde av jorden om natten

Smarte einingar

Har du ei smartklokke? Ho kan fortelje deg kor mange skritt du har gått, og kor mykje energi du har brukt. Dette blir kalla ei “smart eining”.

Tinga sitt internett

Mange av tinga vi har rundt oss, deler informasjon med deg eller kvarandre. Vi kaller dette «Tinga sitt internett». Er det ikkje smart at kjøleskapet kan sende deg varsel viss det er for lite mjølk?

Mange av desse einingane brukar plattformer som Amazon Echo, Google Home eller Apple HomePod. Vi kan be Alexa, Google Assistant eller Siri om å skru på lyset, setje på musikk eller senke temperaturen på soverommet. Slik kan ein lage «smarte hus» der det meste blir styrt av appar og brytarar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap

Smart helse

Smarte einingar kan òg hjelpe deg viss du er sjuk, har ein skade eller er bevegelseshemma. Ein kan få mykje hjelp av stemmestyrte einingar.

Medisinske hjelpemiddel er òg styrte av appar. Du kan mellom anna måle blodsukker og blodtrykk med mobilen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.

Kan avlaste helsepersonell?

Teknologi kan løyse mange oppgåver på eit sjukehus. Ofte utan at menneske er til stades. Slik kan tilsette på sjukehuset få meir tid til pasientane sine.

Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr
Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr

Smarte køyretøy?

Bilane våre får meir og meir smart teknologi. Teknologien kan dele informasjon med oss om vêr, føre og trafikk. Han kan òg fortelje oss om det er nok luft i dekka. Mange bilar kan òg køyre utan at sjåføren treng å gjere så mykje. Det er ei datamaskin som styrer det aller meste.

Smarte bilar har mange fordelar. Deling av informasjon kan forhindre ulykker. Men òg fortelje om bilen fungerer som han skal.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen

Sjølvkøyrande køyretøy

Mange ulykker på vegen kjem av menneskelege feil. Ein held på med mobilen, snur seg for å snakke med nokon i baksetet eller et lunsj. Alt dette gjer at sjåføren mistar fokus på vegen. Sjølvkøyrande køyretøy lèt seg ikkje forstyrre av alt dette. Dermed kan slike bilar redusere talet på bilulykker i framtida.

Familie som krangler på biltur
Familie som krangler på biltur

Smarte byar

Smarte einingar kan hjelpe til med å skape «smarte byar». Einingane  samlar og bearbeider informasjon om mellom anna trafikk, luftforureining og kriminalitet. 

Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.
Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.

SCOOT

London er ein «smart by». Der blir det brukt eit system som blir kalla SCOOT (Split Cycle and Offset Optimisation Technique) for å styre trafikken. Ein fordel er at trafikklysa skiftar i forhold til mengde trafikk, og ikkje med hjelp av ein timar.

Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk
Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk

Fanga eller frigjort?

I løpet av ein vanleg dag går du kanskje forbi hundrevis av smarte einingar og sensorar. Bilar merker at ein går nær dei på grunn av bevegelsessensorar. Personar kan få jamlege oppdateringar om blodsukkeret sitt. Er vi fanga av alle desse tinga? Blir vi for avhengige av dei? Eller gjer all denne teknologien oss meir frigjorte og trygge? 

Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.
Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.

Vanskeleg å unngå smarte einingar

Vi får fleire og fleire smarte einingar rundt oss. Tinga sitt internett aukar. Mykje av dette kan forenkle eller redde liv, men det kan òg misbrukast.

Helseapp på mobiltelefonen.
Helseapp på mobiltelefonen.
Problemstilling 1:

Kor mykje informasjon om oss sjølve bør vi gi frå oss, for å gjere livet litt enklare? 

Problemstilling 2:

Kva kan andre gjere med denne informasjonen, og kva skjer når desse einingane blir hacka?

Problemstilling 3:

Er det andre problemstillingar som dukkar opp når liva våre blir styrte av smarte einingar?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Folkemengde på en åpen plass over binærtall
Folkemengde på en åpen plass over binærtall

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

1. Getty Images
2. NASA
3. Getty Images
4. Getty Images
5. Getty Images
6. Getty Images
7. Unsplash
8. Getty Images
9. Getty Images
10. Getty Images
11. Getty Images
12. Getty Images
13. Getty Images