Når kjøleskapet snakkar med brødristaren

Det er blitt vanleg å putte teknologi og kommunikasjonseiningar i «vanlege» ting som kjøleskap, lyspærer eller panelomnar. Vi kan snart styre alt med ein app på mobilen, men tinga kan òg kommunisere med kvarandre! Korleis trur du kvardagen blir viss kjøleskapet plutseleg kan snakke med brødristaren?

Moderne teknologi

Rundt deg heime har du kanskje mange ting som er fulle av moderne teknologi. Kanskje har du musikkanlegg som startar ved at du seier eit kodeord, eller lys som blir tent samtidig via ein app?

Vi har komme dit at det meste kan styrast frå ein app. Bilar har vorte sjølvkøyrande. Du treng ikkje lenger nøkkel for å låse døra heime. På vinteren kan du varme opp hytta via ein app, medan du er på veg til vinterparadiset. Blir vi for avhengige av slike tekniske duppedittar, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen
Smartlås til hus som kan åpnes med mobiltelefonen

Når alt er samankopla

Den moderne verda rundt oss er samankopla. Ledningar, kablar og satellittar sørgjer for at kommunikasjon og informasjon flyt mellom oss. Men tenkjer du nokre gonger over kor samankopla vi er på eit meir lokalt nivå?

Satellittbilde av jorden om natten

Smarte einingar

Ei smartklokke kan fortelje mobilen kor mange skritt du har gått. Dette blir registrert i ein app som òg kan fortelje kor mykje energi som har blitt brukt. Slike einingar blir gjerne kalla «smarte einingar».

Tinga sitt internett

«Tinga sitt internett», eller «Internet of Things» (IoT), er nettverket av gjenstandar utstyrte med elektronikk og programvare som gjer dei i stand til å kople seg til kvarandre og utveksle data. Ofte brukar dei forskjellige sensorar for å registrere informasjon. Dette kan til dømes vere kjøleskap med ein app som sender deg varsel når det begynner å bli tomt for mjølk.

Mange av desse einingane brukar plattformer som Amazon Echo, Google Home eller Apple HomePod. Slik kan ein be Alexa, Google Assistant eller Siri om å skru på lyset, setje på musikk, auke temperaturen eller senke rullegardina på soverommet. På denne måten kan ein lage «smarte hus». Ved å bruke appar eller kontrollpanel, kan ein overvake og styre ulike parameter og brytarar i huset.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap
Mann ser fortvilet inn i et tomt kjøleskap

Smart helse

Innan helse og velferd ser ein òg behov for smarte einingar. For personar med mobilitetsproblem vil stemmestyrte eller app-styrte einingar kunne gjere kvardagen enklare.

«Medisinske ting sitt internett» kan bestå av einingar med sensorar som gjer at ein kan overvake alt frå blodsukker til blodtrykk, og få informasjonen tilgjengeleg via ein app eller ei anna form for programvare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.
En pasient bruker en avleser for å se blodsukkernivået.

Kan avlaste helsepersonell?

Det finst apparat som kan kommunisere med kvarandre og justere dosering, komme fram til forslag på løysingar eller finne problem, utan menneskeleg innblanding. Dette kan vere med på å avlaste helsepersonell. Teknologi kan gjere at helsepersonell får meir tid til pasientane sine.

Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr
Tom sykehusseng omringet av medisinsk og teknologisk utstyr

Smarte køyretøy?

Smarte einingar i lastebilar eller andre køyretøy deler informasjon om vêr, føre og trafikk med kvarandre. Bilen kan til dømes sende informasjon om at det er lite trykk i dekka til ein app på telefonen til eigaren. Stadig fleire køyretøy blir sjølvkøyrande, der sensorar og kunstig intelligens kontrollerer ferda.

Fordelane kan vere mange med smarte køyretøy. Den kontinuerlege delinga av informasjon mellom dei ulike delane på bilen, og mellom køyretøy, kan til dømes vere med på å forhindre trafikkulykker. Med sensorar som overvaker køyretøyet, vil ein òg lettare og raskare kunne få beskjed viss noko er gale.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen
Smartskjem i en tesla som viser status på bilen

Sjølvkøyrande køyretøy

Ved sjølvkøyrande køyretøy fjernar ein eit element som ofte er rota til ulykker, nemleg det menneskelege elementet. Ei datamaskin vil alltid reagere raskare enn kva eit menneske kan. Med tilgang til data og posisjon, både frå omgivnadene, eige køyretøy og andre einingar i nærleiken, kan sjølvkøyrande køyretøy på sikt bli ein meir sikker måte å ferdast på enn i dag.

Familie som krangler på biltur
Familie som krangler på biltur

Smarte byar

Viss ein utstyrer ein by, eller eit område i ein by, med hundrevis eller tusenvis av sensorar og smarte einingar, skaper ein ein «smart by». Ved hjelp av sensorar kan ein hente inn og analysere data om til dømes trafikk, luftforureining, energibruk eller kriminalitet.

Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.
Smartby med abstrakte punkter som er koblet i hverandre.

SCOOT

Eit døme på ein by der dei har teke i bruk denne typen teknologi, er London. Dei bruker eit system kjent som SCOOT (Split Cycle and Offset Optimisation Technique) for å administrere trafikken. Informasjon frå sensorar langs vegane blir innhenta og analysert, for så å styre trafikklysa i ulike område. Slik sørgjer dei for at flyten i trafikken vil vere betre enn ved trafikklys styrt av til dømes timarar. Med det siste kan det hende du får raudt lys sjølv om det ikkje er ein bil i nærleiken.

Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk
Westminster Bridge i London i solnedgang med fortjengere og trafikk

Fanga eller frigjort?

I løpet av ein vanleg dag går du kanskje forbi hundrevis av smarte einingar og sensorar. Frå bilar som merkar at ein går nær dei, overvakingssystem med rørslesensorar, til personar som får kontinuerleg oppdateringar om blodsukkeret sitt. Er vi fanga av alle desse tinga? Blir vi for avhengige av dei? Eller gjer all denne teknologien oss meir frigjorte og trygge?

Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.
Mennesker på en åpen plass hvor alle er koblet sammen i hverandre.

Vanskeleg å unngå smarte einingar

Tinga sitt internett aukar i omfang, og det er vanskeleg å unngå smarte einingar. Slike einingar kan vere livreddande, men dei kan òg bli misbrukte.

Helseapp på mobiltelefonen.
Helseapp på mobiltelefonen.
Problemstilling 1:

Kor mykje informasjon om oss sjølve bør vi gi frå oss, for å gjere livet litt enklare? 

Problemstilling 2:

Kva kan andre gjere med denne informasjonen, og kva skjer når desse einingane blir hacka?

Problemstilling 3:

Er det andre problemstillingar som dukkar opp når liva våre blir styrte av smarte einingar?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Folkemengde på en åpen plass over binærtall
Folkemengde på en åpen plass over binærtall

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

1. Getty Images
2. NASA
3. Getty Images
4. Getty Images
5. Getty Images
6. Getty Images
7. Unsplash
8. Getty Images
9. Getty Images
10. Getty Images
11. Getty Images
12. Getty Images
13. Getty Images