Natur- og kulturlandskap

Eit landskap som ikkje er påverka av menneske, blir kalla eit naturlandskap. I naturlandskapet er det berre jordas indre og ytre krefter som formar landskapet. Blant indre krefter er til dømes jordskjelv og vulkanutbrot. Døme på ytre krefter er vêr og vind.

Eit landskap som er påverka av menneske, blir kalla eit kulturlandskap. Eit kulturlandskap kan vere eit område som er dyrka opp, eller kor det er bygd hus eller vegar.

Etter den industrielle revolusjonen var det mange som flytta frå bygdene og inn til byane. Alle byar og tettstader er kulturlandskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanutbrudd
Vulkanutbrudd

Frostsprenging

Dei ytre kreftene endrar ikkje jorda like dramatisk som dei indre kreftene. Vêr og vind endrar sakte jordoverflata. Vind og sand sliper sakte ned fjell, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bitar av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.

Solsprenging

Viss sola varmar opp stein mykje om dagen, og det er kaldt om natta, vil steinen utvide seg og trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla solsprenging.

Vind og vatn fraktar med seg slike lause bitar av stein og mineral vidare. Det at bitar blir brotne laus og  frakta bort, blir kalla for erosjon.

Dalar

Elver og bekkar grev  seg gradvis ned i stein og kan skape dalar, grotter og holer. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Birkedalsbreen
Birkedalsbreen

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!