Natur- og kulturlandskap

Eit landskap som ikkje er påverka av menneske, blir kalla eit naturlandskap. Her er det berre jordas indre og ytre krefter som formar landskapet. Indre krefter kan vere jordskjelv og vulkanutbrot. Ytre krefter er vêr og vind.

Eit landskap som er påverka av menneske, blir kalla eit kulturlandskap. Her finn vi dyrka mark, hus og vegar. Alle byar er kulturlandskap.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vulkanutbrudd
Vulkanutbrudd

Frostsprenging

Vêr og vind endrar sakte jordoverflata. Vind og sand sliper ned fjellet, omtrent som når vi bruker sandpapir på ein trebit. Viss vatn frys i ein fjellsprekk, vil det utvide seg. Då blir små bitar av fjellet brotne laus. Det blir kalla frostsprenging.

Solsprenging

Når sola varmar opp ein stein, vil han utvide seg. Når det blir kaldt, vil han trekkje seg saman. Til slutt sprekk han opp i mindre bitar. Det blir kalla solsprenging.

Det at slike bitar blir brotne laus og frakta bort av vind og vatn, blir kalla for erosjon.

Dalar

Elvar og bekkar grev seg gradvis ned i stein og kan skape dalar. Dette tar lang tid, men vi kan sjå det i landskapet som V-dalar. Isbrear formar òg landskapet. Når dei bevegar seg, tar dei med seg laus stein og sliper ned overflata. Dette kan vi sjå som U-dalar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Birkedalsbreen
Birkedalsbreen

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!