Kva er kvikkleire?
Kvikkleire er ein spesiell type marin leire, avsett på havbotnen dei siste 10 000–12 000 åra, særleg mot slutten av siste istid då store delar av Noreg låg under havnivå.
Etter siste istid, då ismassane trekte seg tilbake og trykte på jordskorpa vart reduserte, byrja landsoverflata å stige. Denne prosessen, kjent som landheving, førte til at tidlegare havbotn etter kvart vart tørt land. Det høgaste nivået havet nådde, blir kalla den marine grensa, og under denne finst det i dag store mengder marin leire. Vi finn mest kvikkleire i Trøndelag og på Austlandet. Det var her innlandsisen var tjukkast, og desse områda har gått gjennom mest landheving.
📸 Foto: Anders Bjordal/NVE
Marin leire består av små leirpartiklar bunde saman av saltionar frå sjøvatn. Leirepartiklane står stabla på kvarandre som eit korthus, og saltionar fungerer som eit slags lim for dette korthuset og held strukturen stabil.
Over tid, når ferskvatn frå regn, elvar og grunnvatn treng ned i jorda, vil meir og meir av dette saltet skyljast ut. Denne prosessen blir kalla utvasking. Når dette skjer, blir dei elektrokjemiske bindingane svekte mellom partiklane, og leira blir strukturelt ustabil.
Det verkar kanskje rart at vi byggjer oppå denne ustabile leira, men tørrskorpa på toppen gjer at grunnen ser fast og trygg ut. Tørrskorpe er eit hardt lag som blir danna når leira blir utsett for forvitring, uttørking og oppsprekking, og dermed får nye og fastare eigenskapar. Men under dette laget kan det likevel liggje kvikkleire som mistar styrken heilt når ho blir forstyrra. Derfor kan område med tørrskorpe verke sikre, men framleis ha stor fare for kvikkleireskred.
Kvikkleire toler mykje vertikal belastning, men horisontal belastning kan gjere at korthusstrukturen kollapsar. Denne belastninga kan vere til dømes ved graving, vibrasjonar eller vassmetting, og då kan strukturen bryte saman. Det som skjer, er at vasstrykket, altså poretrykket mellom leirpartiklane aukar, medan trykket som held partiklane saman (effektivt trykk), blir for lågt. Då mistar massen evna til å stå imot skjerkrefter, og leira sin korthusstruktur kollapsar og begynner å flyte som ei tyntflytande væske.
NGIs kvikkleireekspert Jean-Sébastien L’Heureux demonstrerer desse prosessane i denne videoen:
https://www.youtube.com/watch?v=gfSl-oaLEFs
Eit kvikkleireskred blir utløyst når denne balansen blir forstyrra, og jorda mistar si berande evne. Massane begynner å flyte, og skredet kan utvikle seg veldig raskt og uføreseieleg.