Liten, kald og forblåsen

Den minste og kaldaste av gasskjempene er den som ligg lengst frå sola. Ingen stadar i solsystemet blæs det meir enn på Neptun.

Fakta om Neptun

Neptun brukar 18 timar på å rotera éin gong rundt seg sjølv. Men sjølv om døgnet er kort på Neptun, er det lang veg rundt sola. Planeten brukar 165 jordår på å flytta seg éin runde rundt sola.

Neptun er den planeten i solsystemet som ligg lengst unna jorda med ein avstand på over 4,5 milliardar kilometer. Berre dvergplaneten Pluto ligg lenger unna. Gjennomsnittstemperaturen er 220 kuldegradar på overflata.

Neptun er ei kjempestor gasskule av hydrogen, helium og metan. Planeten har ein liten, men tung kjerne av stein og is. Neptun er omtrent like stor som naboen Uranus. Avstanden tvers igjennom på det tjukkaste punktet er på rundt 49 500 km.

På overflata til Neptun finn du dei kaldaste og mest forblåsne stadane i heile solsystemet vårt.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Planeten Neptun
Planeten Neptun

Atmosfæren

Sjølv om avstanden er så stor til sola at ho skin tusen gonger svakare på Neptun enn på jorda, har Neptun eit innvikla vêrsystem som blir drive av varmen frå det indre i planeten. Skyer, uvêr og sterke vindar er vanleg i atmosfæren.

Neptun med stjerner i bakgrunnen
Neptun med stjerner i bakgrunnen

Kva består Neptun av? 

Ringane

Neptun har faktisk seks ringar rundt seg, sjølv om ikkje alle er synlege her. Dei er nokre kilometer breie og består truleg av steinar, stjernestøv og forskjellige gassar.

Oppbygningen

Neptun liknar på mange måtar Uranus. Berre 15 prosent av planeten er hydrogen. Denne gassen ligg i det tynne ytre laget, medan hovudlaget er ei blanding av vatn, frose metan og ammoniakk, og den vesle kjernen er truleg rein stein. Skilja mellom laga er uklare og skiftar heile tida.

Krinslaupet

Neptun brukar 164,8 jordår på eit omlaup rundt sola. Planeten heller 28,3 gradar i forhold til bana si, slik at nordpolen og sørpolen vender mot sola etter tur. Neptun er 30 gonger lenger unna sola enn me på jorda er, og han har den nest rundaste bana i solsystemet. Berre bana til Venus er rundare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av hvordan Neptun er oppbygget
Illustrasjon av hvordan Neptun er oppbygget

Månane til Neptun

Neptun har i alt 13 månar – fire i ringsystemet og ni utanfor. Månen Triton blei oppdaga av Lassell i 1846, medan Nereid  blei oppdaga av Kuiper i 1949. Det er berre Triton som er på storleik med vår eigen måne. Triton er den einaste større månen me kjenner til som går rundt planeten sin i motsett retning av sjølve planeten.

Illustrasjon av Jupiter og Triton
Illustrasjon av Jupiter og Triton

Kjelder:

  • Universet Junior (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Ukjent
    5. Getty Images