Noregs største oppfinningar
Vi bruker norske oppfinningar kvar dag. Anten det er ein ostehøvel, ein Tripp-trapp stol eller ein panteautomat på butikken. Andre norske oppfinningar er nok meir ukjende. Kanskje du får nokre smarte idear til nye oppfinningar når du les denne artikkelen?
Verdsmeistrar i panting
Visste du at nordmenn er verdsmeistrar i panting? Det er kanskje fordi vi fann opp panteordninga.
pant av flaske i pantemaskin
Er bindersen norsk?
Ein tradisjonell myte i Noreg er at bindersen, slik vi kjenner han i dag, er ei norsk oppfinning. Det er han faktisk ikkje!
Binderser på mørk bakgrunn.
Papirklemme
Nordmannen Johan Vaaler fekk patent på verdas første papirklemme (ein type binders) i Tyskland og USA i 1901. Han kunne søkt patent i Noreg òg, men trodde ikkje på nokon suksess heime. Han ønskte først og fremst internasjonal suksess. Oppfinninga vart derimot aldri sett i produksjon. Ho fungerte mykje dårlegare enn varianten vi kjenner i dag, som vart marknadsført allereie i 1892. Men oppfinnaren tok utruleg nok ikkje patent på papirklemma. Han kunne jo blitt ein av verdas rikaste menn, viss han hadde gjort det! |
Johan Vaaler patent papirklemme
Viktige oppfinningar frå Noreg
Nordmenn har laga fleire store og viktige oppfinningar. Mange av desse handlar om korleis ein hentar opp olje frå Nordsjøen. Men òg oppfinningar som du kanskje bruker kvar dag.
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.
brainstorming, møte om patenter
Bli med på ei historisk reise med nokre av dei mest suksessrike norske oppfinningane!
Men tenk og litt over kor mange mislykka oppfinningar som har vore prøvde ut!
En ubrukelig saks med kniver i begge ender
Kristian Birkeland studerer stråling fra solen i sitt «verdensrom», som han bygget omkring år 1900 til eksperimenter omkring nordlysteorien
1923: Gassturbinen
Jens William Ægidius Elling fann opp gassturbinen. Fleire av ideane med Ellings gassturbin blir framleis brukte. Turbinar er roterande motorar som mellom anna blir brukte på fly.
Den aller første gassturbinen.
Produksjon av ostehøvler fra Bjørklund
1928: Skibindingen Rottefella
Då Bror With skulle delta i eit stort skirenn, var han ikkje fornøgd med bindingane sine. Frustrasjonen førte til at han fann opp det som vart til Rottefella skibinding. Etter stor suksess under OL i 1928 vart bindingane raskt ein standard for langrenn i over 50 år.
1929: Sprayboksen
Erik Rotheim fann opp sprayboksen. Problemet med sprayboksen – eller aerosolboksen – var at dysa der sprayen kom ut, ofte vart tett. Det vart for kostbart å videreutvikle dysa, så Rotheim opplevde aldri nokon suksess. I 1940-åra vart patentet selt til eit amerikansk selskap, og sprayboksane vart til slutt selde over heile USA.
Erik Rotheim sin patent sammen med aerosolboksen eller sprayboksen som den heter i dag.
Bæremeis fra 1953
1957: Pandrol E-clip
Per Devold Pande-Rolfsen fann opp ein måte å feste jernbaneskjener til betongklossar. Han kalla det Pandrol E-clip. Noregs Statsbaner var ikkje interesserte i oppfinninga, men Pande-Rolfsen fekk patent i USA og produsentar i England, med ein avtale om eitt øre for kvar E-clip. Dette gjorde han til mangemillionær.
Pandrol for å feste jerbanesviller til sviller i betong
1969: Stretch-sokkar
Tekstilbedriften OA Devolds Søner AS fant i 1969 ut ein måte å sy strikk inn i garn på, slik at stoffet vart elastisk. På denne måten vart Devold dei første i verda til å kunne tilby stretch i sokkar.
Papirtekstur, gammelt papir
Tidlegare måtte alle klesbutikkar selje sokkar i faste storleikar, men med den nye oppfinninga kunne ein sokk passe langt fleire. Oppfinninga vart ein hit, og Devold hadde patent i over 20 land. I 1969 hadde OA Devolds Søner AS ein produksjon på 250 000 sokkepar i året. Du kan jo prøve å finne ut kor mange sokkar dei har selt fram til 2022.
Papirtekstur, gammelt papir
1967: Lakkeringsrobot
Firmaet Trallfa Robot utvikla lakkeringsroboten «Ole» med ein bevegeleg arm som kunne spraye jamt og raskt. Oppfinninga var med på å revolusjonere internasjonal lakkeringsindustri.
Trafalla lakkeringsrobot Ole
Tripp trapp stolen fra stokke, som vokser i takt med barnet.
1980-tallet: Oljeteknologi
Nesten alle store nyvinningar på 1980-talet handla om oljeutvinning og teknologi for å takle dei tøffe forholda i Nordsjøen. Mange oppfinningar løyste utfordringar både på havbotnen og på oljeplattformer.
Maseng blir intervjuet av aftenposten.
Ulike typer Ulstein X-bow
Verdens minst drone - Black hornet
Noregs patentkonge
Personen med flest patent som framleis gjeld i Noreg, er Per Olav Haughom. Han er Noregs patentkonge med 39 patent. Hadde han late patenta liggje i skuffa, hadde dei hatt liten verdi, men mange av Haughom sine patent blir brukte i oljeindustrien og til grave- og tunnelutstyr.
Per Olav Haughom, oppfinner.
Er du ein oppfinnar?
Om du har ein idé til ei oppfinning, er det mange måtar du kan realisere oppfinninga di på. Kanskje du blir skaparen av den neste store norske oppfinninga?
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Infinitum.no / Katrine Lunke
-
Getty Images
-
Unsplash.com / Johan Vaaler
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Unsplash.com
-
Getty Images
-
Ukjent / Norsk Teknisk Museum
-
Norsk Teknisk Museum
-
Bjorklund1925.no
-
Riksarkivet (National Archives of Norway)
-
Agricultural Research Service / Erik Rotheim
-
Gudbrandsdalsmusea
-
Getty Images / Per Devold Pande-Rolfsen
-
Olaf Andreas Devold
-
Devold.no
-
Trallfa.no
-
Stokke, Design: Peter Opsvik
-
Getty Images
-
Forsvarets forskningsinstitutt
-
Ulstein.com
-
Forsvaret
-
Eirik Helland Urke
-
Getty Images
-